Gamvik kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamvik kommune
kommune
Mehamn.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Adm.senter Mehamn
Areal 1 416,34 km²
 - land 1 357,94 km²
 - vatn 58,4 km²
Folketal 1 132 (1. januar 2020)
Målform nøytral
Ordførar Alf N. Hansen (SV)
Kommunenr. 5439

Gamvik
70°55′0″ N 28°3′0″ E
NO 5439 Gamvik.svg
Wikimedia Commons: Gamvik
Nettstad: www.gamvik.kommune.no

Gamvik (nordsamisk Gáŋgaviikka gielda, kvensk Gamvik komuuni) er ein kommune som ligg nordaust i Finnmark-området[1] i Troms og Finnmark fylke. Kommunen ligg på austdelen av Nordkinnhalvøya. Han grensar mot nabokommunane Lebesby i vest og Tana i sør, medan han har kyst mot Tanafjorden i aust.

Administrasjonssenteret i kommunen er Mehamn, der ein også finn Mehamn lufthamn.

Kommunen blei danna i 1914, då dåverande Tana herad blei delt i tre.

Det høgaste fjellet er Duolbagáisá på 672 moh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spor etter tidlegare busetjingar viser at område i kommunen har vore folkesette for over 10 000 år sidan. Fiske og jordbruk har i lang tid vore livsgrunnlaget for både fastbuande og sesongarbeidarar. Spesielt var god hamn og den korte avstanden til fiskefelta viktig. Pomorhandelen, som varte fram til 1917, bestod stort sett av bytehandel med russarane og karelarane. Fisk blei bytt mot mjøl, tømmer og andre varer.

Frå 1885 til 1899 bygde og dreiv kvalfangarpioneren og harpunoppfinnaren Svend Foyn her. Frå 1900-1903 var Tanen hvalfangerselskab i drift. Fabrikken var den største i sitt slag i Finnmark. Då fisket slo feil på slutten av 1800-talet, la fiskarane skulda på kvalfangsten. Den 2. juni 1903 gjekk 1200 fiskarar til åtak på fabrikken og reiv han ned. Dette opprøret blir kalla «Mehamn-opprøret». For fyrste og einaste gong i nyare tid sette norske styresmakter inn regulære militære styrkar for å halda oppe lov og orden. Fabrikken blei aldri bygd opp igjen, men Mehamn fekk ein sentral plass i kvalfangsthistoria.

Mot slutten av andre verdskrigen, 6. mai 1945, blei seks sivile, uvæpna fiskarar torturerte og skotne av tyske soldatar.[2]

Den første flystripa i kommunen var i fiskeværet Gamvik. Denne blei etablert i samarbeid mellom Røde Kors Hjelpekorps og A/S Varangfly, seinere Norving, som ambulanse- og taxiflystripe i 1971. Gamvik lufthamn er no nedlagt.[treng kjelde]

Tettstader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

  • Mehamn - 779 innbyggjarar per 1. januar 2017

Andre tettastader er Skjånes, Langfjordnes, Nervei og Gamvik.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Gamvik kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
1599 1663 1610 1736 1762 1682 1606 1398 1269 1009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dalfest, Terje & Askheim, Svein. Gamvik (2. juni 2013), Store norske leksikon. Henta 12. mai 2014.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nord-øst i finnmark, liv eller død?. Berlevaagnytt.Com. Vitja 21. januar 2020
  2. Klo, Allan; Nordvåg, Hanne Bernhardsen. Den sivile vaktstyrken ble drept – beklagelsen lar vente på seg (22. august 2020) NRK
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Gamvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.