Gangapurna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gangapurna
Gangapurna sett frå Thorang-Phedi.

Gangapurna sett frå Thorang-Phedi.

Høgd over havet 7 455 m
Område Nepal
Fjellområde Annapurna Himal i Himalaya
Dominans 3,42 km → Annapurna III
Skardhøgd 563 mfd2
Koordinatar 28° 36′ 17″ N, 83° 57′ 51″ AKoordinatar: 28° 36′ 17″ N, 83° 57′ 51″ A
Gangapurna (Nepal)
Gangapurna
Førsteklatring 5. mai 1965, Günter Hauser, Erich Reismüller, Hermann Köllensperger, Ludwig Greißl, Ang Tempa og Phudorje II over sørflanken.
Normalrute Austegga frå Manangdalen
Annapurna III og Gangapurna

Annapurna III og Gangapurna

Gangapurna (nepali gaṅgāpūrṇa) er ein topp på fjellkjeda i Annapurna Himal i Himalaya som med ei høgd på 7 455 m er det 57. høgste fjellet på jorda.

Gangapurna er ein sentral topp på Annapurna Himal sin hovudkam, aust for hovudtoppen Annapurna I (8 091 m) og dannar ein flott topp-pyramide over landsbyen Manang i nord. Naboen Annapurna III (7 555 m) ligg søraustleg retning, berre skilt frå Gangapurna av eit 6 892 m høgt skard. I nord endar Gangapurnabreen i eit imponerande brefall i Mangadalen.

Gangapurna vart første gong klatra av ein tysk ekspedisjon som 6. mai 1965 fekk eit lag med tre klatrarar og to sherpaer på toppen. Dei gjekk opp frå skardet mellom Gangapurna og Annapurna III og over austegga. To dagar seinare stod resten av ekspedisjonsmedlemmane på toppen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jahrbuch des Deutschen Alpenvereins 1966: Deutsche Himalaja-Expedition 1965, Alpiner Verlag Fritz Schmitt, München 1966.
  • Günter Hauser: Eisgipfel und Goldpagoden. Expedition ins Königreich Nepal. Bruckmann, München 1966.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er basert på artikkelen Gangapurna frå Wikipedia på tysk slik den var 8. juli 2012.