Gangaren Brynjulv Olsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gangaren Brynjulv Olsson eller Haugelåten, er rekna som ein av dei eldste slåttane frå Tinn. Slåtten er knytt til Brynjylv Olsson, ein av dei første spelemennene i området, og er spela i fleire nærskylde variantar. Slåtten vart skriven ned av Johan Halvorsen, og seinare arrangert av Edvard Grieg i hans Opus 72 (Haugelåt).

Slåttesegna[endre | endre wikiteksten]

Det er knytt ei kjend segn til denne slåtten. Brynjulv var i fjellet med fedrift ein gong, og medan han var der kom ein stut bort for han. Medan han leita etter stuten vart han trøytt og la seg til å sova eit bel. Brått vakna han av at einkvan tulla så vent, og under ein nut såg han ei stor ferm kvinne med fagert hår. Ho dansa og hoppa ikring og tralla ein slått:

So skå du spela, du Brynjulv Olsson
Når du kjem heimatt til kjering og bonn.
So skå du sulle, du Olsson på Tinn,
attafe nuten gjeng stuten din.

Attanfor nuten fann han og stuten sin, og då han kom heim, tok han fela og spela slåtten (Stevet attgjeve frå Tov Flatin).

Dette stevet finst i fleire variantar i Tinn og Tuddal og elles i Telemark. Slåtten lyt reknast til Huldreslåttane, som segna tilreknar dei underjordiske.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Variantgruppa har nr 150 i hardingfeleverket (Band III). Fire variantar er registrert i Vinje og Rauland, to er frå Bø og Tuddal, og ein frå Numedal. Halvorsen si nedskrift av Haugelåten er ikkje teken med i lista.