Gangaren Fossegrimen
Gangaren Fossegrimen, i 2/4-takt, er ein slått som for det meste finst i Telemark. Men det er og notert variantar i Nordhordland, Setesdal og Numedal, og slåtten er difor rekna til vandreslåttane. Variantgruppa er heller stor, og slåtten er tolleg gamal. Både Myllarguten og Håvard Gibøen har kjend til han. Dette, og varianten frå Hordaland, kunne peike mot at slåtten opphavleg skriv seg herfrå, og har vandra til Telemark med Knut Lurås. I dette høvet er det like truleg at slåtten er gamal i Telemark, og skriv seg frå Jon Kjos. Slåttevariantane ber oftast namnet Fossegrimen, men slåtten er og kjend under namnet Asgjerd. I Setesdal er slåtten kjend som Torstein på Bergi.
Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]
Variantgruppa har nummer 152 i Hardingfeleverket, og det er skrive opp 11 variantar av slåtten.
- a:Fossegrimen, etter Johannes Dale, Tinn [1]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 469). Slåtten er mest truleg etter Knut Dale.
- b:Fossegrimen, etter Svein Løndal, Tuddal [2]. Nedskrift Arne Bjørndal 1937 (B 1054). Løndal hadde slåtten etter Knut Dale, som mest truleg hadde han frå Myllarguten eller Håvard Gibøen.
- c:Fossegrimen, etter Torkjell Haugerud, Seljord [3]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1067).
- d:Fossegrimen, etter Johan Rivenes, Haus [4]. Nedskrift Arne Bjørndal 1942 (B 1551). Nils Brakvatn frå Hamre skreiv ned sjølve melodien, og Bjørndal skreiv slåtten ut for hardingfele.
- e:Halling, etter Myllarguten [5]. Nedskrift Carl Schart 1850.
- f: Fossegrimen, etter Halvor Paradis, Nesland [6]. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 689). groven spela inn slåtten for NRK i 1949, og i dag er det denne forma som er mest nytta. Spelemannen Øystein Romtveit vann talentiaden med denne forma.
- g: Asgjerd, etter Olav R. Berge, Rauland [7]. Nedskrift Eivind Groven 1921 etter minne (G 619).
- h: Asgjerd, etter Torkjell Haugerud, Seljord [8]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1069). Svært lik den førre forma.
- i: Numedølen, etter Steingrim Haukjem, Veggli [9]. Nedskrift Truls Ørpen 1925 (Ø 137). Haukjem hadde truleg forma etter Olav Sataslåtten frå Ål. Sveipar noko inn på myllarforma (variant f).
- j: gangar, etter Tomas Liestøl, Ose, Setesdal [10]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 379). Liestøl hadde slåtten etter Torkjell Frøysnes. Far hans var skulemeister og spelemann. ”Slåtten er truleg etter Setesdals-tradisjon, og har opphavleg vore flatfeleslått”.
- k: Torstein på Bergi, etter Eivind Hamre, Setesdal [11]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917. Forma er atter frå Torkjell Frøysnes eller ein av brørne hans.