Gange-Rolv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av Rollo i Rouen. Ein kopi av statuen finst i Ålesund og i Fargo i Nord-Dakota.

Gange-Rolv (Gǫngu-Hrólfr) eller Hrólfr Rögnvaldsson (kring 860932) var ein vikinghøvding og sogefigur frå Vest-Noreg. I følgje norsk og islandsk tradisjon er denne personen identisk med den historiske Rollo av Normandie som blei normannisk fyrste i 911.[1] Gange-Rolv fekk tilnamnet sitt fordi han var så stor at han alltid måtte gå til fots, underforstått at ingen hestar kunne bera han. Gange-Rolv skal ha vore son av Hild, dotter av høvdingen Rolv Nevja, og Ragnvald Mørejarl som stod Harald Hårfagre nær. Orknøyjarlen Einar Ragnvaldsson var halvbroren hans.

Gange-Rolv er nemnd i fleire norrøne soger, mellom anna Landnåmabok, Orknøyingsoga, Fagerskinna, Flatøyboka og Heimskringla. Heimskringla har den lengste forteljinga om han. Historia Norwegie på latin frå 1100-talet gjer ei anna rimeleg lang framstilling av livet til Gange-Rolv. Ifølgje tradisjonen kom både Gange-Rolv og faren frå øya Vigra i Giske kommune.

Ifølgje sogene var Gange-Rolv mykje ute i viking, og etter å ha herja «i austerveg» gjorde han strandhogg i «Vika» (Oslofjorden). Harald Hårfagre lyste han fredlaus etter å ha herja i Noreg. Mor hans prøvde forgjeve å få omgjort straffa, og klaga ifølgje Heimskringla med ein skaldestrofe:

«Jag ikkje namnen hans Nevjal!

No vil du gjævingen driva
or heimen, den hæve bonde;
kvi er du so hard, du konge?
Vondt for deg vil de vera
slik varg aa bitast med.
Rømer han til skogs, daa røvar
han radt av kongens kyr.»
«Soga um Harald Haarfagre» frå Kongesogur Snorra Sturlusonar, omsett ved S. Schjött, 1900.[2]

Etter at Gange-Rolv var blitt send i eksil drog han ifølgje soga til Suderøyane (Hebridane) og deretter til Valland (Frankrike), der han vann seg eit rike. I Historia Norwegie blir det fortald at han tok Rouen.

Landnåmabok oppgjev slektstavla til Gange-Rolv og fortel at han blei fyrste av Normandie og seinare stamfar til kongane av England (gjennom Vilhelm erobraren). Flatøy-annalen frå Island seier at «Gongurolfr vann Nordmandi» i 888. Ein annan islandsk annal, Oddverja, fortel at Gange-Rolv tok Paris i 885, at han tok imot dåpen i 897 på ordre frå Karl den einfaldige, og at han blei den første hertugen av Normandie under namnet Robertus. Heimskringla fortel at sonen hans var Vilhjalm, som hadde ein son og ein soneson kalla Rikard, den yngste av desse var far til Robert Langspade som var far til Vilhjalm Bastard eller Vilhelm erobraren.

Den franske krønikeskrivaren Dudo av St. Quentin fortel av fyrsten Rollo av Normandie opphavleg var ein viking som omleira Paris og seinare inngjekk ein avtale med Karl den einfaldige der han fekk landområde og kongsdottera Gisela til kone. Han skal også ha teke Poppa av Bayeux som kone eller frille.

Ein annan Gange-Rolv er omtala i Soga om Gange-Rolv frå 1300-talet.

Blant historikarar har det vore debattert både om Gange-Rolv og Rollo av Normandie var den same personen, og om han kom frå Noreg eller Danmark. Fleire franske kjelder nemner Danmark som opphavsstad, medan norske og islandske soger meiner han var norsk. På slutten av 1800-talet var danske og norske historikarar særleg opptekne av dette spørsmålet, og rekna gjerne høvdingen som «sin». 1600-talshistorikaren Tormod Torfæus, som hadde gått gjennom alle kjende kjelder om Gange-Rolv og Rollo, meinte det var mest truleg at han var norsk, ettersom franske forfattarar lett kunne ha blanda saman dei skandinaviske landa.

Ein DNA-analyse frå 2014 peikte mot at Rollo av Normandie og forfedrane hans 12 generasjonar tilbake kom frå Danmark, og at forfedrane til forfedrane hans innvandra til Europa frå vestkysten av Noreg.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rollo of Normandy, arkivert frå originalen 5. februar 2009, henta 18. august 2013 
  2. Soga um Harald Haarfagre, heimskringla.no
  3. «Exploring Rollo's Roots: DNA Leads the Way» (på engelsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]