Gangesdelfin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gangesdelfin
Gangesdelfin
Gangesdelfin
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Gangesdelfin
Utbreiinga av Gangesdelfin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Platanistidae
Slekt: Platanista
Art: Gangesdelfin P. gangetica
Vitskapleg namn
Platanista gangetica

Gangesdelfin (Platanista gangetica) eller susu er ein elvedelfin som lever i store elvesystem i Bangladesh, India og Nepal. Han er i nær slekt med indusdelfin, og dei to populasjonane er i dag gjerne rekna som underartar av den same arten - Platanista gangetica, med gangesdelfinen som underarten Platanista gangetica gangetica. Dei to populasjonane av sørasiatiske elvedelfinar er fråskilde, men treng ikkje ha vore det så lenge. Fram til sein pliocen levde dei i det same elvesystemet, og tilmed i historisk tid kan det ha funne stad utveksling av individ mellom elvane.[1]

Gangesdelfin lever i elvesystema Ganges-Brahmaputra-Meghna og Karnaphuli-Sangu. Delfinane lever i elvedeltaet og så langt oppover dei kan koma før dei blir stoppa av grunt vatn, stryk, demningar eller andre stengsel.[2]

Det er usikkert kor mange individ som finst av delfinen. På 1980-talet føreslo forskarar ein bestand på 4-5000 individ, medan i 1997 rekna ein han på mindre enn 2000. IUCN legg fram 1 200–1 800 individ som ei lågare grense.[2]

Gangesdelfin er verna overalt i leveområdet sitt, men blir framleis noko jakta for kjøtet og feittet sitt. Ureining av elvene og fragmentering av leveområdet grunna oppdemming og vassmangel som gjer elvane grunne er andre trugsmål mot delfinen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, B.D.; Braulik, G.T. (2012. Platanista gangetica), «Platanista gangetica», The IUCN Red List of Threatened Species 2012, doi:10.2305/IUCN.UK.2012.RLTS.T41758A17355810.en, henta 15. februar 2016 
  2. 2,0 2,1 2,2 Smith, B.D.; Braulik, G.T.; Sinha, R. (2012. Platanista gangetica), «Platanista gangetica ssp. gangetica», The IUCN Red List of Threatened Species 2012, doi:10.2305/IUCN.UK.2012.RLTS.T41756A17627639.en, henta 18. februar 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Gangesdelfin