Gannan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Xiahe-fylket i Gannan
Plasseringa av Gannan (gul) i Gansu

Gannan (kinesisk skrift 甘南, pinyin Gānnán) er eit autonomt prefektur for tibetanarar i sørdelen av provinsen Gansu, vest i Folkerepublikken Kina. Prefekturet, som grensar til provinsane Qinghai i vest og til Sichuan i sør, høyrer med i den tibetanske kulturregionen Amdo. Gannan har eit areal på 40 898 km² og 689 132 ibuarar i 2011.

I 2004 utgjorde tibetanarar 51,44 % av folket i prefekturet, medan det vart registrert 41,75 % han-kinesarar og 6,43 % hui-kinesarar.

Det autonome prefekturet Gannan omfattar eitt byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn). Byfylket Hezuo er hovudstad i prefekturet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!