Hopp til innhald

Gapafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gapafjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Stavanger
Kart
Gapafjorden
59°15′08″N 5°54′14″E / 59.252192°N 5.90377806°E / 59.252192; 5.90377806

Gapafjorden (òg Vestre Ombofjorden, Gabafjorden og Garpefjorden) er ein fjordarm av Nedstrandfjorden og Boknafjorden i Stavanger kommune i Ryfylke. Han ligg mellom Sjernarøyane i vest og øya Ombo i aust. Fjorden er 6 km lang og har innløp i nord mellom Slåttholmen i vest og Selodden i aust. Gapaskjeret ligg midt i innløpet. I sør går Gapafjorden ut i Finnøyfjorden, like vest for innløpet til Gardssundfjorden.

Av Sjernarøyane i vest grensar Gapafjorden til Bjergøy og Nord-Hidle. På Bjergøy ligg tettstaden Nesheim ved sida av fjorden. På Ombo-sida er det berre mindre busetnader, men lengst sør ligg Eidssund, som har ferjesamband til Nord-Talgje og Halsnøy. Frå Nesheim går det ferjer sørover til Nord-Hidle og nordover til Nedstrand på andre sida av Nedstrandfjorden.