Gapahuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ein permanent gapahuk bygd av lafta plank.

Gapahuk er eit lite skjul med berre tre veggar og eit tak over, medan den fjerde veggen berre er ei stor opning. Framfor opninga kan det gjerast opp ein eld som gjev varme inn i gapahuken.

Gapahukar er soleis enkle byggverk berre meint for å gjeve vandrarar livd for vind og vêr under kvile, men er jamvel brukbare til å overnatte i. Permanente gapahukar er vanlegvis bygde av tømmer eller bord, med eit tak av bord eller stokkar over, tekt med passande materiale. Ofte er materiala henta frå skogen ikring. Gapahukar som berre er bygde for å stå i ei stuttare tid, til dømes som vern i ein naudsituasjon eller for nokre einskilde overnattingar, kan byggjast av trestokkar og granbar som finst i nærleiken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gapahuk