Garand-rifle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
M1 Garand

Garand-rifla (formelt namn: United States Rifle, .30 Caliber, M1) er ei amerikansk, halvautomatisk rifle. Ho erstatta Springfield-rifla i 1936 og var i teneste i den amerikanske hæren til ho vart erstatta av M-14 i 1958. Ho hadde kaliber 7,62x63mm, det same som i Springfield-rifla (også kalla .30-06), og eit magasin med plass til 8 skot innebygd.

Garand-rifla vart bruka i både andre verdskrigen og Koreakrigen, pluss noko bruk under Vietnamkrigen. Ho var òg i bruk i den norske hæren i ein periode etter andre verdskrigen. Ho er framleis i bruk i enkelte drilltroppar, blant anna Garden sin drilltropp.

Etter moderne målestokk har Garandrifla enkelte svakheiter, blant anna ladeløysinga. Patronane var sette 8 stykke saman i ei open metallramme, kalla «clip» på engelsk og laderamme på norsk. Ved avfyring av det siste skotet i ei laderamma, vart denne kasta ut av magasinet med ein særeigen «pling»-lyd. Det var frykt for at fienden skulle høyre denne lyden og vite at vedkomande soldat ikkje hadde meir ammunisjon i våpenet. (Denne frykta var nok ugrunna, med all støyen i strid og at bruk av laderamma gjorde at rifla vart ladd på ny rimeleg raskt.) I tillegg kunne eit fullt magasin òg bli sendt ut ved ein feil av denne mekanismen. Mekanismen tillet dessutan ikkje at ein kunne etterlade våpenet med enkelt-patronar. Infanteristar løyste derimot dette problemet ved å avfyre dei siste par gjenverande skota, og deretter lade eit nytt clip.

Kjelde: Bokmålswikipediaen, art. M1 Garand.