Garbh Eilean

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Garbh Eilean
Geografi
Garbh Eilean is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°54′ N 6°22′ WKoordinatar: 57°54′ N 6°22′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,43 km²

Høgaste punkt Mullach Buidhe (160 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Garbh Eilean er ei øy i Shiant Isles sør i the Minch på vestkysten av Skottland.

Garbh Eilean frå Eilean an Taighe
Strand mellom dei to hovudøyane i Shiants Isles (Garbh Eilean og Eilean an Taighe)

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk setter øyane eit framhald av TrotternishhalvøyaSkye. Bergartane her er vulkanske og om lag 60 millionar år gamle, som er særs unge til å vere Hebridane. Det finst dolerittsøyler på nordsida av Garbh Eilean som er over 100 meter høge, og om lag 2 meter breie.[1]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Øyane var busette til seint på 1800-talet, då nye eigarar kom til og samfunnet endra seg slik at øya ikkje lenger vart levedyktig.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Det finst ruinar av fleire mogelege kapell på øya. Det første kan ha vore tileigna St. Columba og kan ha lege på vestsida av Garbh Eilean, kanskje ved Àirighean na h-Annaid - namnet Annaid tyder «gammal kyrkje». Det finst òg spor etter ei nyare kyrkje, tileigna Jomfru Maria, nær hyttene på Eilean an Taighe.[2]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Det finst store fuglekoloniar på øyane. Mykje lundefugl hekkar i hole gongar i sidene på Garbh Eilean, i tillegg til ein del teist, alke, havhest, krykkje, skarv, måse og storjo. Sjølv om det finst meir lundefugl på St Kilda står dei tettare på Shiants Isles.[1][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Western Isles Guide Book: Shiant Islands». Henta 26. februar 2010. 
  2. «Shiant Islands». Henta 26. februar 2010. 
  3. «Birds of the Shiant Islands: 1970 & 1971 census». Shiant Islands. Henta 26. februar 2010.