Gard Kvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gard Kvale
Fødd 6. mai 1984
Bergen
Yrke symjar

Gard Kvale (fødd 6. mai 1984) er ein norsk symjar. Kvale, som representerer Bergens Svømmeclub, har styrken sin i medleyøvingane og dei lange friøvingane.

Kvale representerte Noreg under sommar-OL 2008 der han sette norsk og personleg rekord på 200 meter fri. Han gjekk likevel ikkje vidare til semifinale. Kvale vann heatet sitt, då han sumde inn til 1.48,73 i kvalifiseringa.