Gardnoskrateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gardnos-strukturen)
Gardnos

Gardnoskrateret er eit meteorittkrater på Garnås i Nesbyen kommune i Buskerud fylke, skildra av geologane Johan Naterstad og Johannes A. Dons i 1990.[1]

Krateret er omtrent 5 kilometer i diameter og vart laga av ein meteor med ein diameter som er estimert til å ha vore 250 meter. Alderen er rekna til omtrent 650 millionar år. Krateret ligg nær riksveg 7 i Hallingdal og er lett tilgjengeleg.

Gardnoskrateret er unikt og av stor geologisk verd òg i verdsammenheng. Dette kjem av at det renn ei elv gjennom krateret. Elvevannet har skylt vekk jordoverflata, slik at ein kan sjå rett ned på berggrunnen under. Her kan ein sjå gardnosbreksje, ein steinart som vart danna under den høge temperaturen som oppstod då meteoritten slo ned.

Krateret er eit av berre tre kjende krater som finst i Noreg (dei andre er Mjølnirkrateret og Ritlandskrateret).

Gardnos i dag[endre | endre wikiteksten]

Ved krateret i dag er det ein kafé og parkeringsplass. Heile kratereret er tilgjengeleg for publikum, og å ferdast gjennom krateret er gratis. Det er likevel mogleg å bestille ein guide, noko som er nyttig for å få med seg krateret ordentleg.

Geologen Elin Kalleson tok i juni 2009 doktorgrad om gardnosbreksje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dons, J.A. og Naterstad, J.: The Gardnos impact structure, Norway. Meteoritics v. 27 s. 215 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]