Gareth McAuley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gareth McAuley
Personleg informasjon
Fullt namn Gareth McAuley
Fødd 5. desember 1979
Fødestad Larne
Høgd 291 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Ipswich Town
Nummer 4
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996-2000
1999-2000
2000-02
2002-04
2004-06
2006-08
2008-
Nord-Irland Linfield
Nord-Irland Ballyclare (lån)
Nord-Irland Crusaders
Nord-Irland Coleraine
Lincoln
Leicester
Ipswich
West Bromwich
0 (0)
7 (0)
62 (3)
65 (4)
72 (8)
74 (5)
91 (6)
Landslag
2005- Nord-Irland Nord-Irland 5 (100)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. april 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 7. november 2010

Gareth McAuley (fødd 5. desember 1979 i Glenoe i Antrim i Nord-Irland) er ein nordirsk fotballspelar som har spela i forsvar for Ipswich Town i engelsk Football League Championship og for det nordirske fotballandslaget.

McAuley spelte for diverse klubbar i Nord-Irland fram til han var 24 år gammal, sommaren 2005, då han vart profesjonell fotballspelar hjå Lincoln City i England. Han spelte to sesongar for Lincoln i League Two, fjerde høgste divisjon i England. Sommaren 2006 tok han steget opp til Leicester City i The Championship, nest høgste nivå. Då Leicester rykte ned etter 2007/08-sesongen, gjekk McAuley til Ipswich, og blei dermed verande i The Championship.

McAuley debuterte for Nord-Irland sitt A-landslag 4. juni 2005 i ein privatlandskamp mot Tyskland. Han skåra det første landslagsmålet sitt 11. februar 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp borte mot San Marino.