Garfield Darien
Garfield Darien | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 22. desember 1987 (37 år) Lyon |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Garfield Darien (fødd 22. desember 1987) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Lyon som tevla internasjonalt på 110 meter hekk. Han vann sølvmedalje i øvinga både under europameisterskapane 2010 og 2014.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Darien sette i 2009 personbeste med eit løp på 13,36 sekund i Monaco, og han nådde semifinalane ved VM i Berlin. Under europameisterskapen 2010 i Barcelona overraska han og vart andremann etter Andy Turner frå Storbritannia.
I juni 2012 forbetra Darien den personlege rekorden til 13,24 sekund då han vann eit internasjonalt stemne i Genève. Sist i same månaden flytta han rekorden sin til 13,15 i semifinalen ved EM i Helsinki. Dagen etter rekordtida vann han eit nytt EM-sølv på 13,20, fire hundredels sekund etter storfavoritten Sergej Sjubenkov frå Russland.
Åra mellom 2013 og 2014 var Darien plaga av sjukdom. I 2017-sesongen var han tilbake i toppslag. Han flytta då i juni sitt personbeste til 13,09 sekund ved Ostrava-stemnet, i august enda han fjerdeplassen i verdsmeisterskapen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 13,34, bakom Andy Turner (13,28)
- EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 13,20, bakom Sergej Sjubenkov (13,16)
- VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 13,35
- VM 2017 i London: Nr 4 – 13,30
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Garfield Darien» (på engelsk). Olympedia. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Garfield Darien» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1987
- Franske hekkeløparar
- Franske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Deltakarar under VM i friidrett 2009
- Deltakarar under EM i friidrett 2010
- Deltakarar under EM i friidrett 2012
- Deltakarar under VM i friidrett 2015
- Deltakarar under VM i friidrett 2017
- Folk frå Lyon