Garm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hel» (1889) av Johannes Gehrts.

Garm (norrønt: Garmr) er i den norrøne gudelæra ein diger hund som vaktar inngangen til dødsriket til Hel.

Garm er den største hunden som fanst, som regel blodig om både brystet og kjeften. Han held til i Gnipahelleren.

Voluspå fortel at hunden skal varsla Ragnarok ved å gøy høgt tre gonger. Etter det første varselet skal Fimbulvinteren ta til. Etter det andre skal jotnar koma seg inn i Åsgard. Det tredje ber bod om ei ny og betre verd etter kaoset.

Under kampen mellom jotnar og æser skal Garm slost mot Ty, og dei to kjem til å drepa kvarandre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]