Garnes stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Garnes stasjon
Garnes stasjon.JPG
Stasjonsområde
Stad Garnes i Arna i Bergen
Distanse 463,13 km. frå Oslo
Opna 11. juli 1883
Nedlagd 1964
Arkitekt Gerhard Fischer (stasjonsbygget frå 1919)
Linjer og rutedrift
Linje(r) Vossabanen (1983-1909)
Bergensbanen (1909-1964)
Gamle Vossabanen (1993-i dag)
Operatør(ar) NSB (1883-1964)
NJK (1981-i dag)
Overgang

Garnes stasjon, frå 1883 til 1894 Garnæs stoppestad og frå 1894 til 1910 Garnes stoppestad, er ein nedlagd stasjon på ei nedlagd strekning av Bergensbanen som no er i bruk som museumsjarnbane, Museet Gamle Vossebanen. Stasjonen ligg på Garnes i Arna i Bergen. Han er mellom anna utstyrt med lokomotivstall, og har difor vorte base for Museet Gamle Vossebanen og utgangspunkt for det veterandamptoget som i sommarsesongen går fram til Midtun i Fana i Bergen kommune på denne nedlagde jarnbanestrekninga. Opphavleg gjekk denne jarnbanelina fram til Bergen stasjon, men ender no på Midtun.

Garnes stasjon vart opna i 1883 som Garnæs stoppestad på Vossabanen.[1] I 1884 skifta han namn til Garnes stoppestad, og rundt 1910 vart han oppgradert til stasjon. Stasjonen vart nedlagd i 1964.[2] I dag er han endestasjon i nord for museumsjarnbana Gamle Vossabanen som går mellom Garnes og Midtun i Bergen.

Garnes stasjon ligg mellom nedlagde Tunes haldeplass og nedlagde Arna gamle stasjon, der sistnemnde òg er ein del av Gamle Vossabanen.[1] I 1918 brann Garnes stasjon, og arkitekt Gerhard Fischer teikna eit nytt stasjonsbygg prega av lokale stiltradisjonar, spesielt av rokokko og den såkalla bergensklassismen. Det nye bygget stod ferdig i 1919. I 2002 vart Garnes stasjon, med stasjonsbygningen, uthus, lokstall og vognremisse, freda som nasjonalt kulturminne. Område rundt kulturminnet er òg freda, og dette omfattar det opphavlege stasjonsområde og inkluderer stasjonshagen, perrongar, spor, rampar og tekniske installasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Bergensbanen» (norsk). Nebysamlingene. Henta 3. januar 2015. 
  2. «Jernbanestasjoner (oversikt)» (norsk). Bergen byarkiv. Henta 3. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Garnes stasjon