Garnisonen i Sør-Varanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Garnisonen i Sør-Varanger
GarnisonenSV.svg
Land Noreg
Aktiv 1. juli 1921–no
Grein Hæren
Rolle Grensevakt
Storleik 530 vernepliktige, 130 tilsette
Vernar Vargen
Kallenamn GSV

Garnisonen i Sør-Varanger (GSV) er både ei operativ avdeling og ein militærleir. Avdelinga er organisert som ein lettinfanteribataljon beståande av om lag 650 soldatar fordelt på fire kompani. Oppdraget til avdelinga er å vakte den 196 kilometer lange grensa mot Russland.[1]

Leiren er underlagd Hæren, og ligg på Høybuktmoen i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Garnisonen i Sør-Varanger gir ut leiravisa Grenseposten. Sjef ved GSV er per 2013 oberstløytnant Jan Sigmund Østbø.

Oppgåve[endre | endre wikiteksten]

Snøskuter blir mykje brukt i tenesta.

Grensekompania i avdelinga består av grensejegerar og hundeførarar som patruljerer og forsvarer grenselinja ved hjelp av snøskuterar, LTK (motorsyklar med seks hjul) og lette patruljebåtar, men grensevakta må òg patruljere til fots og med ski.[2] Dei nyttar både grensestasjonar og eigne observasjonspostar i oppdraget på grensa. Grensejegerane opptrer delvis på vegner av politimeisteren i Øst-Finnmark. Sidan dei kan ta på seg oppgåver politiet normalt gjennomfører, har dei følgjeleg begrensa politimyndigheit. Oppdraget til Garnisonen i Sør-Varanger er dimed både militært og sivilt. Grensevakta er ein av dei få avdelingane i Forsvaret som har skarp ammunisjon i den daglege tenesta. Mannskapet i GSV er utstyrt med HK416N semiautomatiske rifler.

Teneste[endre | endre wikiteksten]

Ein grensejeger held utkikk.

Tenesta ved Garnisonen i Sør-Varanger er delt i to fasar på eit halvt år kvar: Opplæringsfasen og tenestefasen. Alle vernepliktige gjennomgår seks veker med rekruttskule i utdanningskompaniet. Etter rekruttskulen blir ein del av soldatane overført til garnisonskompaniet der dei gjennomfører resten av tenestetida. Dei resterande soldatane blir verande i GrKp/U og blir utdanna til grensejegerar. Etter eit halvårs utdanning, blir grensejegerane sende ut til grensa for å gjennomføre seks månader teneste ved ein av dei seks grensestasjonane. Her skal dei overvake og kontrollere grensa mot Russland.

Kompania[endre | endre wikiteksten]

Utdanningskompaniet[endre | endre wikiteksten]

GrKp/U er utdanningskompaniet på GSV. Utdanningsperioden i kompaniet på seks månader gir soldatane opplæring innanfor spesifikke disiplinar som:

  • Patruljeførar
  • Speidar
  • Sanitet
  • Samband

Per 2009 bestod GrKp/U av fire troppar og kvar tropp hadde fem lag.

Garnisonskompaniet[endre | endre wikiteksten]

GaKp er kompaniet som driftar garnisonen. I kompaniet er det tre troppar:

  • Stabstropp – Vakt og sikring, proviant, PIO (presse og informasjon) og velferdsassistentar.
  • Trentropp (transport) – Transport av utstyr og personell, og postbud.
  • Sambandstropp – Driftar operasjonssentralen, og held ved like sambandet langs grenselinja.

Jarfordkompaniet[endre | endre wikiteksten]

Grensekompaniet på om lag 100 mann har ansvaret for dei tre grensestasjonane Korpfjell, Elvenes og Grense Jakobselv i nord.

Pasvikkompaniet[endre | endre wikiteksten]

Pasvikkompaniet består òg av 100 soldatar, men har ansvaret for Pasvikdalen i sør. Kompaniet bemannar ein stor grensestasjon ved Pasvik.[3]



Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Garnisonen i Sør-Varanger». Store Norske Leksikon. Vitja 2. september 2017.
  2. «Garnisonen i Sør-Varanger». Forsvaret. Vitja 27. september 2017.
  3. «Garnisonen i Sør-Varanger (GSV)». Forsvaret. Vitja 21. september 2017.