Garrincha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garrincha

Garrincha under Fotball-VM 1962
Statsborgarskap Brasil
Fødd 28. oktober 1933
Pau Grande
Død

20. januar 1983 (49 år)
Rio de Janeiro

Yrke fotballspelar
Språk spansk
Høgd 170 centimeter
Ektefelle Elza Soares
Garrincha på Commons

Manoel Francisco Dos Santos (28. oktober 193320. januar 1983), kjend som Garrincha, var ein brasiliansk fotballspelar frå Pau Grande som vart verdsmeister med det brasilianske landslaget både i 1958 og 1962. Høgrevengen var vidkjend som verdas driblekonge og har framleis ein legendarisk status i heimlandet.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Garrincha spelte på Botafogo frå 1953 til 1965. Med topplaget frå Rio de Janeiro vart han tre gongar delstatsmeister og to gongar vinnar av Rio-São Paulo-turneringa. Gjennom de 13 åra på Botafogo spelte han 581 kampar og skåra 232 mål. I tida 1966-69 hadde han «gjestespel» i både Corinthians og Flamengo.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brasils verdsmeistrar i 1958 i Sverige, med Garrincha i kneståande lengst til venstre

Garrincha fekk sin landslagsdebut i 1955. Under verdsmeisterskapen 1958 i Sverige var han ein dei aller beste angriparane og la opp til begge måla Vava skåra då Brasil vann finalen 5-2 mot vertslandet. Fire år seinare vart Garrincha kåra til den beste spelaren i VM 1962, etter Brasil forsvarte VM-tittelen i Chile. Særleg imponerte han i kvartfinalen mot England og i semifinalen mot vertslandet, i begge desse kampane skåra han to mål. Garrincha spelte sin 50. og siste landskamp då Brasil under Fotball-VM 1966 tapte 1-3 mot Ungarn på Goodison Park i Liverpool, den einaste landskampen han gjekk tapande av bana. Gjennom 11 år på landslaget skåra han i alt 12 mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1958 og 1962 for Brasil
  • Delstatsmeister i Rio de Janeiro: 1957, 1961 og 1962 med Botafogo
  • Vinnar av Torneio Rio-São Paulo: 1962 og 1964 med Botafogo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]