Gartafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°30′49.619″N 8°54′17.762″E

Gartafjorden mot nord
Foto: KEN

Gartafjorden er ein liten fjord i Arendal kommune. Han ligg like nordaust for Tromøysundet aust for sjølve Arendal mellom fastlandet og Buøya. Fjorden har ei lengd på om lag 2 km og den sørlege delen ved Eydehavn vert kalla Heggedalsbukta og har utløp gjennom Bleksund til Tromøysundet. Delen av fjorden som ligg nord for Heggedalsbukta vert òg kalla Breiviksfjorden.