Gary Grainger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gary Grainger
Fil:Gary Grainger - LIVE 2009.jpg
Grainger i 2010
Fødd20. hundreåret
FødestadKilburn, London, England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1972
SjangerRock, pop, bluesrock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarRod Stewart, Roger Daltrey, Jess Roden, Ringo Starr, Nick Lowe, Paul Young, B.A. Robertson, Kenney Jones, John Entwistle
Verka somMusikar, låtskrivar

Gary Grainger er ein engelsk gitarist og låtskrivar innan rock, blues, jazz og pop, mest kjend for arbeidet sitt med Rod Stewart.[1]

Grainger starta karrieren sin i Strider og etter to album – Misunderstood og Exposed - og to lengre turnear med The Faces i 1974, byrja Grainger å spele for Rod Stewart i 1976. Seinare arbeidde Grainger med Roger Daltrey, og starta sidan eit band med Jimmy Copley og Jaz Lochrie, og i 1991 bandet The Humans med Jess Roden, Jim Capaldi, Bill Burke og Nick Graham. I 1998 skipa han Blues Club med Alan Rogan. Peter Hope-Evans frå Medicine Head og Kinks-trommisen Mick Avery.

Grainger har òg spelt med Nick Lowe, Kenny Jones, B.A. Robertson, Damon Hill, Danny Bowes, John Entwistle, Paul Carrack, Paul Young, Pete Townshend, Ringo Starr, Robert Hart, Ronnie Wood og Sam Brown.[2][3][4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Strider

  • Exposed (1973)
  • Misunderstood (1974)

Med Rod Stewart

Med Roger Daltrey

Med Jess Roden and the Humans

  • Jess Roden and the Humans (1995)
  • Live at the Robin 1996 (2004)

Med Nick Lowe

Med The Jones Gang

  • Any Day Now (2005)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pagham's Gary Grainger celebrates Rod Stewart's classics in Southampton». Midhurst and Petworth Observer. 27. mai 2011. Henta 4. juni 2018. 
  2. «MusicMight :: Artists :: STRIDER». Rockdetector.com. Henta 16. oktober 2012. 
  3. Rhythm Festivals 2012
  4. «Gary Grainger Discography at Discogs». Discogs.com. Henta 16. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]