Hopp til innhald

Gary Gygax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gary Gygax

Statsborgarskap USA
Fødd 27. juli 1938
Chicago
Død

4. mars 2008 (69 år)
Lake Geneva

Yrke skribent, romanforfattar, forleggjar, speldesignar, forretningsdrivande, rollespillutvikler
Sjanger fantasy, science fiction
Far Ernest Gygax
Mor Almina Burdick Gygax
Ektefelle Mary Jo Powell, Gail Carpenter
Born Ernest Gary Gygax Jr., Elise Cousino, Heidi Gygax, Cindy To, Luke Gygax, Alexander Gygax
Signatur
Gary Gygax på Commons

Ernest Gary Gygax (27. juli 19384. mars 2008) var ein amerikansk forfattar og speledesignar som er best kjend som skaparen av det velkjende rollespelet Dungeons & Dragons. Han er blitt omtalt som «far til rollespelet».[1]

Gary Gygax skapte Dungeons & Dragons saman med Dave Arneson i 1973 og gav det ut saman med Don Kaye i 1974 gjennom selskapet Tactical Studies Rules (TSR, Inc.).

Gygax forlét seinare TSR, og produserte og publiserte rollespel på eiga hand. Han skapte til dømes Dangerous Journeys og Lejendary Adventure.[2]

Han gifta seg med Gail Carpenter 15 august 1987 som var same dag som foreldra til Gygax hadde 50-årsjubileet sitt. Han har også hatt eit tidlegare ekteskap med Mary Jo Gygax.

  1. Laura Parker (7. mars 2008). «Obituary: Gary Gygax». The Guardian (på engelsk). 
  2. Ciro Alessandro Sacco. «The Ultimate Interview With Gary Gygax». keithrobinson.me (på engelsk). Henta 2. februar 2018.