Gary Pallister
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Gary Andrew Pallister | ||
| Fødd | 30. juni 1965 (60 år) | ||
| Fødestad | Ramsgate i Kent i England | ||
| Høgd | 187 cm | ||
| Posisjon | Midtback | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1984–1989 1985 1989–1998 1998–2001 |
Middlesbrough →Cambridge (lån) Manchester United Middlesbrough |
156 (5) 7 (0) 317 (12) 55 (1) | |
| Totalt | 535 (18) | ||
| Landslag | |||
| 1988–1993 | England | 22 (0) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Gary Andrew Pallister (fødd 30. juni 1965) er ein engelsk tidlegare fotballspelar fødd i Ramsgate. Han var med om å vinne fire ligameisterskap, tre FA-cuppokalar og cupvinnarcupen 1991, samt ligacupen 1992 med Manchester United. Midtstopparen spelte elles på Middlesbrough FC.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Pallister spelte for Middlesbrough FC frå 1985. I august 1989 vart han overført til Manchester United mot rekordsummen 2,3 millionar pund. Dei neste åra var han fast midtstoppar på United, i spann med Steve Bruce. Frå sigeren i FA-cupen 1990 til ligatriumfen 1997 sanka Pallister ni meisterskapspokalar. Sommaren 1998 gjekk turen tilbake til Middlesbrough, der han var aktiv til 2001.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Pallister spelte 22 landskampar for England i åra 1988, 1991 og 1993-96, utan å delta i noko stort meisterskap. Han var med då Noreg i 1993 slo England 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion i Oslo. Pallister skåra aldri på landslaget.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av cupvinnarcupen: 1991 med Manchester United
- Engelsk ligameister: 1993, 1994, 1996, 1997 med Manchester United
- Vinnar av FA-cupen: 1990, 1994 og 1996 med Manchester United
- Finalist i FA-cupen: 1995 og 1998 med Manchester United
- Finalist i den engelske ligacupen: 1991 og 1994 med Manchester United
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gary Pallister» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2018.