Garzê

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vår i Garze
Plasseringa av Garzê (raud) i Sichuan

Garzê (kinesisk 甘孜, pinyin-transliterasjon Gānzī; tibetansk དཀར་མཛེས Wylie-transliterasjon dkar mdzes) er eit autonomt prefektur for tibetanarar nordaust i provinsen Sichuan i Folkerepublikken Kina. Prefekturet har eit areal på 151 078 km² og hr om lag 880 000 ibuarar. Tibetanarar utgjorde 78,4% av befolkninga ved siste folketeljing, hankinesarar 18,2% og yi-folk 2,6%. Garzê høyrer til den tibetanske kulturregionen Kham.

Prefekturet omfattar 18 fylke (县 xiàn). Vestgrensa fylgjer Jinsha Jiang, som Kinas lengste elv, Chang Jiang, heiter på denne øvre strekninga. På vestsida av elva ligg den autonome regionen Tibet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]