Hopp til innhald

Gasoline Alley av Rod Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gasoline Alley
Studioalbum av Rod Stewart
Språk engelsk
Utgjeve June 1970
Innspelt Morgan Studios, London, februar-april 1970
Sjanger
Lengd 42:30
Selskap Mercury, Vertigo
Produsent Rod Stewart, Lou Reizner
Rod Stewart-kronologi 
An Old Raincoat Won't Ever Let You Down
(1969)
Gasoline Alley Every Picture Tells a Story
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Robert ChristgauA–[2]
Rolling Stone(positiv)[3]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 stars[4]

Gasoline Alley er det andre soloalbumet til den britiske songaren Rod Stewart. Det kom ut i juni 1970. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia på Vertigo og kom ut på ny i 2008 med remastra lyd av eit russisk selskap, Lilith Records.[5] Albumet består av både coverlåtar og Stewart sine eigne songar.[1] Som mange av soloalbuma til Stewart på denne tida, spelar fleire medlemmar frå bandet hans, Faces, på plata.

Albumet fekk positiv omtale då det kom ut, og Langdon Winner i Rolling Stone meinte at Stewart hadde «ein sjeldan sensitivitet for skjøre augneblink i eksistensen til ein person»,[3] og at dette albumet var «eit verk av i høgaste grad ein bra artist».[3]

Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Gasoline Alley»Stewart, Ronnie Wood4:02
2.«It's All Over Now»Bobby Womack, Shirley Jean Womack6:22
3.«Only a Hobo»Bob Dylan4:13
4.«My Way of Giving»Ronnie Lane, Steve Marriott3:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Country Comfort»Elton John, Bernie Taupin4:42
6.«Cut Across Shorty»Wayne P. Walker, Marijohn Wilkin6:28
7.«Lady Day»Stewart3:57
8.«Jo's Lament»Stewart3:24
9.«You're My Girl (I Don't Want to Discuss It)»Dick Cooper, Beth Beatty, Ernie Shelby4:27
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«It's All Over Now» (singelutgåve)Bobby Womack, Shirley Jean Womack 

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Rod Stewart – produsent, vokal, gitar på «Jo's Lament»
  • Martin Quittenton – klassisk gitar
  • Ronnie Wood – gitar, flaskehalsgitar, akustisk gitar, bass
  • Ronnie Lane – bass på «My Way Of Giving» og «You're My Girl», vokal på «My Way Of Giving»
  • Ian McLagan – piano, orgel (i plateomslaget står det: «Mac er ikkje tilgjengeleg på grunn av busstreik». Men i den amerikanske utgåva av plata står han oppført, som indikerer at han vart lagt til seinare)[6]
  • William Gaff – fløyte
  • Dennis O'Flynn – fiolinbass
  • Dick Powell – fiolin
  • Stanley Matthews – mandolin
  • Mick Waller – trommer
  • Kenney Jones – trommer på «My Way Of Giving» og «You're My Girl»
  • Pete Sears – piano på «Country Comforts», og bass på «Cut Across Shorty».
  • Jack Reynolds – korvokal på «Country Comfort»

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
År Liste Plassering
1970 Pop Albums 27
År Singel Liste Plassering
1993 «Cut Across Shorty» Mainstream Rock Tracks 16
  1. 1 2 Erlewine, Stephen Thomas. «Gasoline Alley - Rod Stewart | AllMusic». AllMusic. Henta 30. mai 2018.
  2. Christgau, Robert (30. juli 1970). «Consumer Guide (12)». The Village Voice (New York). Henta 30. mai 2018.
  3. 1 2 3 Winner, Langdon (3. september 1970). «Gasoline Alley | Album Reviews | Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 30. mai 2018.
  4. «Rod Stewart: Album Guide». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 30. mai 2018.
  5. «Lilith Records». Henta 30. mai 2018.
  6. https://www.discogs.com/Rod-Stewart-Gasoline-Alley/release/5040889