Gassboble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luftbobler i vatn

Ei boble er ei lita gassmengd omslutta av væske. På grunn av overflatespenninga i væska vil bobla vere kuleforma når ho er aleine i ei væske. I nærleiken av andre bobler eller nær overflata til væska, vert bobla deformert. Storleiken til bobla er avgjort av mengda av innestengd gass og av overflatespenninga i væska. Overflatekreftene som prøver å presse bobla saman, vert motverka av gasstrykket inne i bobla. For å få sterk boble- og skumdanning tilset ein derfor stoff som reduserer overflatespenninga i væska. Dei fleste vaskemiddel har denne eigenskapen, sjølv den eigentlege oppgåva deira er å auke evna til vatnet til å verke fuktande.

Boble vert òg nytta om ei gassmengd omslutta av ei tynn væskehinne i luft eller ein annan gass, som til dømes såpeboble.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]