Gassvogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gassvogn i Chelmno

Ei gassvogn (tysk Gaswagen) var eit «mobilt gasskammer» som vart brukt i Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Konstruksjonen var ein lastebil der eksosen frå motoren vart send inn i lasterommet, der offera vart stengde inne. Eksos inneheld karbonmonoksid som kvelte offera inne i lasterommet.

Nazi-Tyskland[endre | endre wikiteksten]

I Kulmhof tok tyskarane i bruk gassvogner som avlivingsmetode i slutten av 1941.[1] Blant dei første drepne (desember 1941-januar 1942) var austerrikske sigøynarar frå transportar av tilsaman 5 000 som kom frå Ghetto Litzmannstadt 4.-9. november.[2]

I eit notat datert 5. juni 1942 i Berlin (Geheime Reichssache) står det: Endringar i dei spesialkjøretøya som no er i drift i Kulmhof (Chelmno) og for dei som no vert bygte. Frå desember 1941 har nittisyvtusen vorte handsama av dei tre køyretøya som er i drift, utan større hendingar. I lys av dei observasjonane som er gjort så langt er dei følgjande tekniske endringane naudsynte.» Dei 97 000 det visast til som «handsama» (tysk original verarbeitet) er mengda personar avliva. Notatet var adressert til SS-offiseren Walter Rauff.[3] Ifølgje Routledge Atlas of Holocaust var 1 200 jødar frå Buchenwald dei aller første offera for gassing i november 1941. Ved Kulmhof skjedde den første gassinga 8. desember 1941 med store lastebilar med kapasitet på 100 til 150 personar - gassen vart tilført under køyreturen til massegrava. I Zemun utanfor Beograd vart 15 000 personar drepne i gassvogner kamuflerte som køyretøy frå Raudekrossen, 120 vart drepne dagleg til juni 1942 då vogna vart flytt til Riga.[4]

Nazistane avliva omkring 700 000 menneske i gassvogner. Dei første eksperimenta med gassvogner vart utførte på mentalt tilbakeståande eller sjuke personar i Polen. Avgass frå kjøretøy vart òg pumpa inn i stasjonære gasskammer. Etter invasjonen av Sovjetunionen i juni 1941 byrja SS og tysk politi, særleg i regi av Einsatzgruppa, massemord på jødar i erobra område. Skyting viste seg då å ikkje vera ein rask nok, eller løynleg nok, metode, og RSHA gav ordre om å ta i bruk gassvogner. Dette skjedde først i Poltava i november, deretter i Kharkov i desember 1941. I juni 1942 var 20 vogner i drift og 10 var bestilt. Dei største hadde ein kapasitet på 50-60, dei mindre 25-30 personar. I mars 1942 vart 7 000 personar, mest kvinner og barn, drepne med gassvogn i Sajmište konsentrasjonsleir i Jugoslavia. I Lublin vart gassvogner brukte til å avliva polske og jødiske fange i forta, lika vart køyrde til Majdanek og brunne. Gassvognene braut ofte saman på dei dårlege sovjetiske vegane. Arbeidet var òg ei påkjenning for mannskapet som betente vognene, særleg avlasting av lika. Den viktigaste grunnen til at gassvognene vart tekne ut av bruk var at dei hadde for liten kapasitet til den store mengda jødar ein ville ta liva av.[5]

Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

Under den store utreinskinga i Sovjetunionen brukte NKVD-offiseren Isaj D. Berg ein spesialtilpassa lufttett varebil til å gassa i hel fangar på eksperimentell basis.[6] Fangane blei gassa i held på veg til Butovo, der NKVD avretta fangane sine og gravla dei.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kershaw, I. (1992). Improvised genocide? The emergence of the ‘final solution’ in the ‘Warthegau’. Transactions of the Royal Historical Society, 2, 51-78.
  2. Milton, S. (1991). Gypsies and the Holocaust. The History Teacher, 24(4), 375-387.
  3. Kalfus, R. (1990). Euphemisms of death: interpreting a primary source document on the Holocaust. The History Teacher, 23(2), 87-93.
  4. Gilbert, M. (2012). The Routledge atlas of the Holocaust. Routledge.
  5. Rozett, Robert; Spector, Shmuel (2013). Encyclopedia of the Holocaust. Routledge. ISBN 1-57958-307-5.  [med David Cesarani]
  6. Catherine Merridale. Night of Stone: Death and Memory in Twentieth-Century Russia. Penguin Books, 2002 ISBN 0-14-200063-9 s. 200
  7. Timothy J. Colton. Moscow: Governing the Socialist Metropolis. Belknap Press, 1998, ISBN 0-674-58749-9, s. 286

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur