Trepigga stingsild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gasterosteus aculeatus)
Trepigga stingsild
Trepigga stingsild
Trepigga stingsild
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Cottoidei
Infraorden: Gasterosteales
Familie: Stiklingar Gasterosteidae
Slekt: Gasterosteus
Art: Trepigga stingsild G. aculeatus
Vitskapleg namn
Gasterosteus aculeatus

Trepigga stingsild er den vanlegaste stingsildarten i Noreg. Han er utbreidd i fersk- og brakkvatn over heile Eurasia, bortsett frå i Donau. Dei kan òg treffast på i saltvatn, men då helst tett inne med kystane.

Arten er særs vanleg som laboratoriedyr, særleg har åtferdsbiologar som Niko Tinbergen gjort mykje viktig forskingsarbeid med han. Han seiast å vera relativt lett å halda i akvarium, men vert ikkje tilrådd for amatørakvaristar då han krev både kaldt vatn og levande fôr.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Stingsild

Trepigga stingsild er ein ganske liten fisk, med ei lengd på 5-11 cm. Ferskvassformer er mindre enn brakk- og saltvassvariantar. Namnet sitt har han fått på grunn av fremre delen av ryggfinnen, som er omdanna til normalt 3-4 skarpe piggar. Den bakste finnestråla på ryggen er òg omdanna til ein pigg som står åleine. Han har òg ei rekkje harde beinplater på sidene av kroppen og ei bukfinne som er redusert til ein skarp pigg og ei lita stråle. Denne kroppspansringa fungerer som eit forsvar mot større rovfisk.

Reine ferskvassformer av arten har som regel eit brunt eller grønaktig skjer, medan anadrome former er blankt grøne til blåsvarte. Det eksisterer òg nokre få heilt svarte bestandar. Sidene er vanlegvis bleike og buken gul, kvit eller sølvaktig. I gytetida vert hannar (utanom i svarte bestandar) sterkare farga, med ein karakteristisk raud eller oransje buk.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Stingsilda er ein særs tilpassingsdyktig liten rovfisk som lever i stim på grunt vatn. Dei trivst best i vatn med ein viss grad av vegetasjon; ofte på mudder- eller sandbotn, men kan klara seg ved eit særs breitt spekter av tilhøve innanfor temperaturar på 4 – 20°.

Føda til arten består for det meste av makk, små krepsdyr, larvar og vaksne vassinsekt, drukna flygande insekt og fiskeyngel. Det finst fleire døme på at dei kan jakta på og eta sitt eige avkom.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Trepigga stingsildhann med reiret sitt

I gytetida vert stingsildhannane særs territoriale, og forsvarar eit lite revir rundt eit forseggjort reir som ligg på mjuk botn. Dette byggar hannane sjølv av ymse plantemateriale, som vert sett saman med eit sekret som vert produsert i nyrene og m.a. inneheldt glykoproteinet spiggin. Reira er tunnelforma, og under gytinga sym hoa gjennom dei. Både hoer og hannar har ofte fleire partnarar gjennom same sesong; hannane oftast i det same reiret.

Etter gytinga heldt hannen fram med den territoriale åtferda si, og vaktar reiret aggressivt mot predatorar. Han heldt òg reiret ved like ved å syta for oksygentilførnad og fjerning av daude eller sjuke egg og larvar.

Mange bestandar treng 2 år på å modnast, men det finst òg dei som brukar både 1 og 3 år. Dei færraste overlever meir enn ein gytesesong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]