Gaston Calmette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaston Calmette i 1889.

Gaston Calmette (30. juli 185816. mars 1914) var ein fransk journalist og avisredaktør. Han var bladstyrar for Le Figaro frå 1903 til han blei drepen av Henriette Caillaux i 1914.

Calmette var fødd i Montpellier og studerte juss i Paris. I 1883 blei han tilsett ved Le Figaro. Eit av intervjua hans førte i desember 1892, midt under Panamaskandalen, til at finansminister Maurice Rouvier måtte gå av. I 1894 blei Calmette redaktør i avisa. I 1896-97 skreiv han mykje lesne artiklar om Dreyfus-affæren.

I 1903 blei Calmette utnemnd til bladstyrar for Le Figaro, og gjorde avisa til eit organ for ein moderat-konservativ, men sterkt nasjonal politikk. I løpet av det neste tiåret auka avisa sirkulasjonen. I 1914 byrja avisa ein skarp kampanje mot finansminister Joseph Caillaux, som blei skulda for politiske og økonomiske uærlegdommar. Avisa trykte fleire brev av Caillaux, mellom anna eitt som peikte mot at Caillaux og den noverande kona hans hadde hatt eit forhold før han blei skild frå den første kona si.

16. mars kom Henriette Caillaux til avislokala og bad om å få treffa Calmette. Redaktøren var ikkje inne, men kom tilbake til avisa klokka seks saman med vennen Paul Bourget. Han overraska Bouget ved å gå med på å treffa Caillaux. Etter å ha mumla nokre ord trekte ho ein pistol og skaut seks skot mot han. Fire skot trefte, to av dei dødelege. Calmette døydde på operasjonsbordet seks timar seinare.

Gaston var bror av bakteriologen Albert Calmette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Le Figaro» (30. mai 2012), Store norske leksikon.
  • «Calmette, Gaston», France. A reference guide from Renaissance to the Present . 1884. (franceguide_en_en.enacademic.com)