Gat Rimon
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gat Rimon | |
landsby | |
Land | ![]() |
---|---|
Region | Sharonsletta |
Distrikt | Sentral |
Kommune | Drom HaSharon |
Koordinatar | |
Folketal | 277 (2011) [1] |
Grunnlagd | 1926 |
- Grunnlagd av | Arbeidarar frå Petah Tikva |
Wikimedia Commons: Gat Rimon | |
Gat Rimon (hebraisk skrift גַּת רִמּוֹן, tyder 'granateplepresse') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Onodalen på Sharonsletta mellom Ganei Tikva og Petah Tikva, og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 277.[1]
Moshaven vart grunnlagd i 1926 av arbeidarar frå Petah Tikva som var barn av mellomklasse-immigrantar frå den fjerde Aliyah. Han vart i starten kalla «Hithaya» (hebraisk skrift התחייה, tyder 'gjenopptaking'), men tok seinare det bibelske namnet Gath Rimmon etter ein levittisk by i landområdet til Dan-stamma, som er nemnt i Josva 19:45. Den bibelske byen er identifisert som Tel Gerisa[2] nær Yarkonelva nord for Tel Aviv av arkeologen Benjamin Mazar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gat Rimon» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ Negev, Avraham/Gibson, Shimon, Archaeological Encyclopedia of the Holy Land, New York/London 2001, s.191, ISBN 0-8264-1316-1 (engelsk)