Gates of Eden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gates of Eden
Singel av Bob Dylan
frå albumet Bringing It All Back Home
A-side

«Like a Rolling Stone»

Språk engelsk
Utgjeve 20. juli 1965
Innspelt 15. januar 1965
Studio Columbia Recording Studios, New York City
Sjanger Folk
Lengd 5:48
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«Gates of Eden» er ein song av Bob Dylan frå det femte studioalbumet hans, Bringing It All Back Home, gjeve ut 22. mars 1965 på Columbia Records. Han vart òg gjeven ut på singel som B-sida til «Like a Rolling Stone».[1] Dylan speler songen solo og akkompagnerer seg sjølv på akustisk gitar og munnspel. Han vart rekna som ein av dei mest surrealistiske songane til Dylan. I ei undersøking i magasinet Mojo i 2005 blant skribentane og ymse kjende musikarar, vart «Gates of Eden» rangert på 76. plassen på ei Topp 100-liste over dei beste songane til Dylan.[2]

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I følgje Dylan-biografen Clinton Heylin vart «Gates of Eden» skriven seint i juni eller juli 1964.[3] Basert på det reine utkastet til teksten, meinte Heylin at det gjekk greit for Dylan å skrive songen, etter å ha slite med «Mr. Tambourine Man» og «Chimes of Freedom», som vart skriven kort tid tidlegare.[3] I utkastet er åtte av dei ni versa i songen ferdige og berre to linjer vart endra for den endelege versjonen.[3]

Songen vart spelt inn på eitt forsøk den 15. januar 1965, same dagen som andre songar på side to av Bringing It All back Home—«Mr. Tambourine Man», «It's Alright, Ma (I'm Only Bleeding)» og «It's All Over Now, Baby Blue»—vart spelt inn.[3][4][5] Tom Wilson var plateprodusent.[4]

Tekst og bilete[endre | endre wikiteksten]

Dei drøymande bileta i songen minner om William Blake sine bilete i The Gates of Paradise og «The Keys of the Gates».[6][7] Den abstrakte poesien gjev ein marerittaktig visjon.[8] Kvart vers skildrar eit forfallande samfunn på forskjellige måtar.[7] Sjølv om songtittelen verkar å gje eit håp om paradis, er det ikkje noko paradis på staden songen skildrar. I staden er det bilete om korrupsjon og forfall.[7] Etter kvart vers følgjer eit surt munnspel som understrekar at ein ikkje kan nå Eden.[9]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Eit konsertopptak av «Gates of Eden» av første gongen songen vart framført i Philharmonic Hall den 31. oktober 1964, kom ut på The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall.[8] I introduksjonen til songen på denne konserten, skildrar Dylan songen som ei «vanheilag voggevise i d-moll»[9] og ein «kjærleikssong».

Eit opptak frå 7. mai 1965 i Manchester i England finst på Live 1962-1966: Rare Performances From The Copyright Collections (2018), medan ei utgåve frå 9. mai 1965 i London vart nytta i filmen Dont Look Back frå 1967.[9] På Never Ending-turneen spelte Dylan ei heavy metal-aktig tolking av songen i ein kort periode tidleg på turneen, før han gjekk over til å spele songen i ein Django Reinhardt-aktig arrangement.[3][9]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Julie Felix spelte inn songen i 1967 på Flowers og Arlo Guthrie spelte inn songen i 1973 på Last of the Brooklyn Cowboys.[9][10] Andre som har spelt inn songen er Ralph McTell og Bryan Ferry,[9][10] Dylan song songen i lag med Neil Young på albumet San Francisco Bay Blues i 1992.[10]

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Oddvar Torsheim skreiv ein nynorsk tekst til songen kalla «Lukk opp, lukk opp», som han spelte inn sjølv i 2000 på albumet Tur-retur blues.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Krogsgaard, M. (1991). Positively Bob Dylan. Popular Culture, Ink. s. 44. ISBN 1-56075-000-6. 
  2. «The 100 Greatest Bob Dylan Songs». Mojo Magazine. September 2005. Henta 4. november 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. Chicago Review Press. s. 208–210. ISBN 978-1-55652-843-9. 
  4. 4,0 4,1 Heylin, Clinton (1995). Bob Dylan: The Recording Sessions (1960–1994). St. Martin's Griffin. s. 33–36. ISBN 0-312-15067-9. 
  5. Williams, P. (1991). Bob Dylan Performing Artist: The Early Years 1960-1973. Underwood-Miller. s. 128–133. ISBN 0-88733-131-9. 
  6. Shelton, R. (1986). No Direction Home. Da Capo Press. s. 275–276. ISBN 9780306812873. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Gill, A. (1998). Don't Think Twice, It's All Right: Bob Dylan The Early Years. Thunder's Mouth Press. s. 75–76. ISBN 978-1-56025-185-9. 
  8. 8,0 8,1 Jurek, T. «The Bootleg Series, Vol. 6: Bob Dylan Live 1964 - Concert at Philharmonic Hall». Allmusic. Henta 4. november 2018. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 Trager, O. (2004). Keys to the Rain. Billboard Books. s. 202–203. ISBN 0-8230-7974-0. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Gates of Eden covers». allmusic. Henta 12. september 2010. [daud lenkje]