Gauja
Utsjånad
| Gauja | |||
| elv | |||
Sandsteinsklipper ved Gauja | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 8 900 km² | ||
| Lengd | 452 km | ||
| Kjelde | Søraust for Cēsis | ||
| Munning | Austersjøen | ||
![]() Gauja 57°04′51″N 25°35′51″E / 57.080907°N 25.597415°E | |||
| Wikimedia Commons: Gauja | |||
Gauja (estisk Koiva jõgi; livisk Koiva; tysk Livländische Aa) er ei av dei lengste elvane i Latvia med ei lengd på 452 km og eit nedslagsfelt på 8 900 km². Kjelda hennar ligg i åsane sørvest for Cēsis. Ho renn først austover og nordover og dannar grense mot Estland i om lag 20 km. Sør for Valga og Valka snur ho vestover mot Valmiera, og held fram sørvestover nær Cēsis og Sigulda. Gauja munnar ut i Austersjøen nær Riga.
I Cesis og Riga fylke har Gauja grave ut den djupaste elvedalen i Latvia med breidder opp til 90 meter høge. Denne delen av Gauja inneheld mange flotte naturområde og vart erklært ein nasjonalpark i 1973.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gauja» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2008.
