Gauklaget i Skaun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gauklaget i Skaun var eit lag i gamle Skaun herad med formål å «fremme lokal kultur og humor».

Om vinteren heldt dei gaukrenn med premiering og festleg lag etterpå. Det første vart arrangert i 1913.

På 1950-talet arbeidde dei for å starte opp skolekorps i Skaun (Skaun skolekorps), og på 1960-talet arbeidde dei for å få til eit bygdamuseum (Skaun bygdamuseum). Begge delar klarte dei.