Hopp til innhald

Gauksheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gauksheim
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austevoll
Gardnummer 70
Kart
Gauksheim
59°58′39″N 5°10′33″E / 59.9775°N 5.1758333333333°E / 59.9775; 5.1758333333333

Gauksheim er ein gard på sørvestsida av Selbjørn i Austevoll kommune.

Namnet vart tidlegare skrive Gugssøen i 1610, Gugsøm i 1612, Gougsem i 1668, Gouchsseim i 1723 og Gouxemb. Første delen av namnet heng truleg saman med fuglenamnet gauk, som tidlegare vart sett på som ein lukkefugl. Kanskje meinte folk at det å nytte stavinga «gauk» i namnet ville bringe lukke til heimen deira. Heim-namna er av dei eldste gardsnamna, og dette kan tyde på at Gauksheim er ein særs gammal gard. Ein har likevel ikkje funne spor etter dette og garden er heller ikkje nemnd i kjelder frå mellomalderen.

Garden vart nemnd første gong i 1590, då ein Rasmus betalar leiglendingsskatt og leidangsskatt.

Som med nabogardane var Gauksheim stiftsgod under Bjørgvin bispedøme. Seinare vart garden krongods som kong Fredrik III av Danmark-Noreg selde vidare til i 1660-åra til Peder Andersson. Garden vart seinare seld vidare til futen Ivar Knutson Gram, som selde vidare til borgar Mattias Ellingson i Bekkjarvik i 1711. Garden vart seld til brukarane under ein auksjon i 1804.

Folket på Gauksheim har opp gjennom tidene livnært seg av jorda si og litt heimefiske.

Ved Gauksheimesjøen er det bygd ein stor molo, og i utmarka er det i dag bygd fleire hytter. I dag bur berre nokre få personar på garden. Dei fleste husa står tomme det meste av året, og vert stort sett nytta som fritidshus om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johan Tufteland (1991). Austevoll 3 - Gard og ætt - Tidlegare Bekkjarvik kapellsokn. Austevoll.