Gaupnefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaupne inst i Gaupnefjorden.
Foto: G.Lanting

Gaupnefjorden er ein fjordarm av Lustrafjorden i Sognefjorden i Luster kommune. Han har ei lengd på 4,5 km og strekkjer seg inn til Gaupne.

Fjorden har innløp mellom Ongulsneset i nord og Svåi sør og går nordvestover. Halvvegs inn i fjorden på sørsida ligg tettstaden Marifjøra. Frå Marifjøra inn til Gaupne og ut heile nordsida av fjorden går Riksveg 55.

Innanfor Gaupne strekkjer Jostedalen seg oppover.

Jostedøla sitt nedbørsfelt på 861 km2 består av 27 % brevatn. Vassføringa i elva er difor avhengig både av nedbør og bresmelting, og kan nokre år vera større enn nedbøren. Elva har ein flaumtopp ved snøsmeltinga, og seinare ein ved bresmeltinga. 90 % av avløpet til fjorden skjer frå mai til september (før regulering i samband med kraftutbygginga). Det er registrert vassføring på 455 m2/s. Elvevatnet legg seg som eit lag over det salte sjøvannet (på grunn av skilnad i tettleiken). Elva sitt løp i deltaet har forandra seg merkbart i historisk tid, slik at straumen som på 1960-tallet gjekk langs vestsida av fjorden, i 1979 gjekk midtfjords. Fjorden er omkransa av steile fjellsider som held fram under vann med ei helling på 20-35 grader. Fjordbotnen heller frå 50 m djupn inst til 400 m ytst. Elva sin materialtransport (i form av slam) inneber ein sedimentasjon i fjorden på 10 til 20 cm/år nær elveosen, og 1 cm/år 2 km frå elveosen. Elva transporterer 50 000 til 100 000 tonn slam årleg. Ved flaumen i 1979 var vassføringa på det meste 800 m3/s.[4] I 2010 var materialtransporten 123 000 tonn. Slamkonsentrasjonen er på det meste 1 g/liter.[5]