Gaustatoppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gausta)
Gaustatoppen
fjell
Gaustatoppen.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommunar Tinn, Hjartdal
Høgd 1 883 moh.
Primærfaktor 950 m
Koordinatar 59°51.25′N 8°38.95′EKoordinatar: 59°51.25′N 8°38.95′E
Kart
Gaustatoppen
59°51′15″ N 8°39′1″ E
Wikimedia Commons: Gaustatoppen

Gaustatoppen eller Gausta er eit fjell på 1883 moh. som ligg i Tinn kommune i Vestfold og Telemark fylke. Det ligg rett sørom Rjukan. Fjellet var det høgaste i tidlegare Telemark fylke.

Gaustatoppen er det punktet i Noreg med størst utsikt, målt i kvadratkilometer. Under ideelle forhold har ein utsikt over eit område på 50 000 km²[1], om lag ein sjettedel av arealet av fastlands-Noreg. Til samanlikning kan ein frå Galdhøpiggen (2469 moh) sjå om lag 35 000 km²

Nær toppen ligg Gaustatoppen turisthytte, populært kalla Gaustahytta. Hytta har enkel servering kvar dag i sommarsesongen og nokre helger utover hausten. Toppen vert vitja av 25000 menneske i året. Gaustatoppen er det høgaste fjellet sør for Jotunheimen, med unntak av Hallingskarvet (1933 moh) som ligg på den andre sida av Hardangervidda, Høgeloft (1920 moh) og Ranastonge (1900), begge i Hemsedal.

Ein kjem til toppen ved å køyre frå Rjukan mot Gaustablikk og Gaustablikk Høyfjellshotell. Inne i fjellet går det ein sesongopen bane som frakter folk frå Langefonn ved foten av fjellet og opp til toppen.

Bilde av Gaustatoppen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Refereransar[endre | endre wikiteksten]