Gaustadbekkdalen

Gaustadbekkdalen er eit strøk i bydel Nordre Aker i Oslo. Gaustadbekkdalen er avgrensa av Ring 3 i nord, Vestgrensa t.o.m. Trimveien i aust, Sognsvannbekken i vest, og Sognsvannsbanen og Rasmus Winderens veg i sør. Dermed grensar strøket til Gaustad i nord, Sogn i aust, Blindern i søraust og Vinderen i sør og vest, der strøket sluttar ved Blindern stasjon.
UiO og forsking er særs rådande i Gaustadbekkdalen, området vart allereie i 1952 gjennom eit vedtak i Stortinget bandlagt til forsking og undervising.
Namn og geografi[endre | endre wikiteksten]
Gaustadbekkdalen er eit dalsøkk som ligg sør for det gamle Gaustadjordet, og naturleg nok ved Gaustadbekken.
Som følgje av bygginga av Ole-Johan Dahls hus går Gaustadbekken no langs bakkeplan. Dei siste femti åra har han gått under bakken i røyr.
Busetnad[endre | endre wikiteksten]
Området har bygg for forsking og undervising. I dag er rundt ein tredel av Noregs samla forskings- og utviklingsressursar lokalisert i området.
Så langt er det bygt fire bygg, alle ligg sør for Problemveien:
- Forskingsparken i Oslo – 140 føretak, forskingsgrupper og institutt (til saman 1700 personar) driv FoU-verksemd innan bioteknologi, IKT, media, materialforskning, elektronikk og miljøforsking.
- Kristen Nygaards hus, fram til 2011 kjent som Informatikkbygningen. Bygget inneheld Institutt for informatikk, USIT, og Norsk Regnesentral og stod klårt i 1988.
- Ole-Johan Dahls hus, bygt under arbeidstittelen Ifi2. Institutt for informatikk sitt andre bygg. Bygget stod ferdig i slutten av 2010, og vart opna i januar 2011.
- SINTEF-bygget
Området har òg sin eigen t-banestasjon og trikkehaldeplass som er oppkalla etter Forskingsparken: Forskingsparken stasjon. Heilt i strøkgrensene finn ein òg Blindern t-banestasjon og Gaustadalléen trikkehaldeplass.
Vidare utbygging[endre | endre wikiteksten]
Det til nye forskings- og undervisingsbygget for livsvitenskap, kjemi og farmasi på UiO skal byggjast her frå 2019 til 2024.[1] Med eit areal på 66.000 kvadratmeter vert det det største universitetsbygget i Noreg.[2] Dei samla kostnadene for bygget ved byggjestart var estimerte til 6,8 millardar kroner.[1]
Studentvelferd[endre | endre wikiteksten]
Heilt i nordaust (i Trimvegen) har studentane hatt velferdstilbod sidan siste halvdel av 90-talet. Her finn ein idrettsbygget Domus Athletica (1996) som gav namn til Trimvegen, og Vestgrensa studentby (1999).
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Livsvitenskapsbygget», www.uio.no (på norsk) (Universitetet i Oslo), henta 6. januar 2020
- ↑ Aftenposten.no - Her kommer Norges største universitetsbygg (30.11.2014)
- Denne artikkelen byggjer på «Gaustadbekkdalen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. jan 2020.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Statsbygg – Gaustadbekkdalen nord
- Aftanposten – Norges Silicon Valley (frå 24.04 .10)