Gaute Ivarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gaute Ivarsson
Fødd 1437
Død

mai 1510

Gaute Ivarsson (truleg fødd tidleg i 1440-åra, daud i mai 1510) var erkebisp i Nidaros frå 1475 til 1510, den lengste styringstida nokon erkebisp hadde. Han arbeidde for kyrkjeleg fridom, og som riksrådsleiar for å hevda norske rettar innan unionen.

Ætt og framvokster[endre | endre wikiteksten]

Inkje er kjent korkje om ætta eller fødeåret hans Gaute, men det er truleg at han, til liks med mange andre geistlege, høyrde til den norske lågadelen. Det eksisterte i mange år ein teori om at han var son av Ivar Trondsson i Aspa og dimed brorson av føremannen Olav Trondsson, men dette vart avkrefta då ei ættetavle for Aspa-ætta frå reformasjonshundreåret vart funnen.

Gaute vart student i Rostock i 1462, og oppnådde magistergraden i 1466. Han er fyrste gong omtala som kannik i Nidaros i 1472. Då Olav Trondsson døydde seinhaustes 1474, vart Gaute utnemnd til ny erkebisp og formelt innvia omtrent samstundes, i juni 1475. At det gjekk så stutt tid frå Olav døydde til Gaute vart innvia, utan at noko val av domkapittelet er kjent, gjer at Lars Hamre trur at Gaute allereie var utsedd til ettermann og følgde erkebisp Olav på Romaferda i 1474.[1]

Erkebisp[endre | endre wikiteksten]

Det same gjeld for Gaute som for føremannen, kjeldene er sparsame, og dei fortel endå mindre om prelaten enn den verdslege leiaren. Han arbeidde stadig med jordegodset som låg til erkesetet, det fortel innførsler i Aslak Bolts jordebok og ei mengd brev. Gaute fekk òg sett opp to eigne jordebøker, ei for eigedomane som låg til stolen (dvs. erkesetet), og ei for det krongodset han administrerte som lensherre i Trøndelag. Den fyrste vart ikkje fullførd, medan oversynet over krongodset ser ut til å vera eit avslutta arbeid.[2] Vi har òg fleire brev som fortel om erkebispen som domar, både i lokale saker og på dei årlege rettartinga i Bergen om hausten, der riksrådet nordafjells var samla.

Den politiske grunnhaldninga hans Gaute var det som er kalla riksrådskonstitusjonalisme, at riksrådet var den høgste makta i landet og kongen plikta å styra etter lov og sedvane. Dimed kom han i konflikt med freistnadene på å styrka den sentrale kongsmakta. Då Kristian I døydde i 1481, tok ikkje det norske riksrådet sonen Hans til konge med éin gong. Gaute var med då riksrådet møtte til eit møte i Halmstad i januar 1483, der Hans måtte godta handfestinga som har fått namnet Halmstad-recessen for å verta vald. Ho sikra både kyrkja og riksrådet makt og sjølvstende. Gaute krona kong Hans i Nidarosdomen 20. juli 1483, den siste kroninga der før Håkon VII i 1906.

Hans' son Kristian, den seinare Kristian II, styrde Noreg som visekonge frå 1508, og kom snart i konflikt med erkebispen. Gaute protesterte til kongen på fengslinga av bisp Karl i Hamar i 1508, og nekta å krona Kristian så lenge faren var i live, utan at dette fekk nokre varige følgjer.

Gaute fekk eit langt liv, og ser ut til å ha vore aktiv til det siste, men i mai 1510 døydde han. I eit brev frå kong Hans til paven den sommaren, der kongen fortel at erkebispen er daud, vert han trekt fram som kjelda til mykje uro i Noreg dei siste åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Gaute_Ivarsson - utdypning (NBL-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Lars Hamre: «Unionstiden 1450-1523». I Arne Fjellbu m.fl. (utg.): Nidaros erkebispestol og bispesete: 1153-1953, band I s. 453-531. Oslo 1955.
  • Oddvar Grønli: «Ei ættetavla frå reformasjonstida.» Norsk slektshistorisk tidsskrift XIII, s. 209-244. Oslo 1952.
  • Chr. Brinchmann og Johan Agerholt (utg.): Olav Engelbrektssøns jordebog. Register paa St. Olavs jorder, forfattet under erkebiskopOlav Engelbrektssøn; Anhang: Erkebiskop Gautes jordebøger. Oslo 1926.

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Hamre 1955, s. 498.
  2. Brinchmann og Agerholt 1926, s. 22*-23*.