Gaute Losnegård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaute Losnegård

Foto: Marianne Furevikstrand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1970 (54 år)
Yrke Historikar, forfattar
Sjanger Bygdebøker, bøker om historiske emne
Far Rolf Losnegård
Debut "Fyr det gode og væne i livet" : Holmedal Ungdomslag 1896-1996, 1996

Gaute Losnegård (fødd 12. april 1970) er ein norsk historikar og faglitterær forfattar. Han er fødd i Bergen, og busett i Holmedal i Askvoll kommune.

Han debuterte i 1996 med ungdomslagsboka Fyr det gode og væne i livet. Seinare har han skrive fleire lokalhistoriske og kulturhistoriske bøker, som for eksempel Død og pine (som handlar om Hetle-saka), Dalsfjord-boka: frå Gaularfjorden til Bulandet (saman med Henning Rivedal og Rolf Losnegård), Ingolfr – norsk-islandsk hopehav 870–1536, Riddarane av Losna, Peter Andreas Blix – i strid for vern og vekst og ei bygdebok for Jondal kommune i tre bind. I 2008 kom boka Norsk rutebilhistorie ut på Skald forlag. I 2012 gav han ut første bindet i historieverket om Flora, «Historia om Flora. Før byen kom – tida fram til 1860» (Selja Forlag). I 2013 gav han ut «Norske ulukker og katastrofar» (Skald forlag).

Gaute Losnegård er son til Rolf Losnegård.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 – Peter Andreas Blix : i strid for vern og vekst (Førde/Leikanger: Selja/Skald). ISBN 82-7959-021-8  [Gaute Losnegård og Rolf Losnegård]
  • 2003 – Jondal kommune : gards- og slektssoge. Bind 2 (Jondal: Jondal kommune). ISBN 82-996722-3-6
  • 2006 – Jondal kommune. Bind 3 : allmennsoge . Frå øksehogg til tastetrykk (Jondal: Jondal kommune). ISBN 82-996722-4-4
  • 2011 – Havfolk og fjordfolk : allmennsoge for Askvoll. Bind 2 (Askvoll: Askvoll kommune). ISBN 978-82-93016-01-4
  • 2012 – Historia om Flora : før byen kom : tida fram til 1860 (Førde: Selja forlag). ISBN 978-8282-400-58-9  [Band 1]
  • 2013 – Norske ulykker og katastrofar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-196-2
  • 2016 – Stend : kultursentrum gjennom to tusenår (Leikanger: Skald). ISBN 9788279592488  [[[Yngve Nedrebø]], medforfattar]
  • 2016 – Historia om Flora : bymann og fiskarbonde (Førde: Selja forlag). ISBN 9788282401043  [Band to]
  • 2017 – Historia om Flora : vendt mot havet 1945-2017 (Førde: Selja forlag). ISBN 978-82-8240-126-5  [Band tre]
  • 2019 – Sosialisme i trivselsfylket, Sogn og Fjordane SF [og] Sogn og Fjordane SV, 1965-2019 (Askvoll: Vestland SV). ISBN 978-82-303-4165-0
  • 2020 – Fjell bygdebok: Band VII. Allmennhistoria 1910-2019. (Rong: Bodoni). ISBN 9788284030852  [Av: Gaute Losnegård, Halvor Skurtveit]
  • 2021 – Ekte skiglede i hundre år . Åsnes ski 1922-2022 (Straumsnes: Åsnes 2022). ISBN 978-82-303-5173-4
  • 2021 – Reisa til Moskva : historia om Torolv Solheim (Førde: Selja). ISBN 978-82-824-0174-6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval