Gaute Myklebust
Gaute Myklebust | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1979 (43 år) |
Idrett | friidrett |
Gaute Myklebust (fødd 29. april 1979) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sand i Suldal. I tida 2005-2012 vann han norske meisterskap sju gullmedaljar i diskoskasting og tre gullmedaljar i kulestøyting. Perioden 2002-12 tok han 20 (10-9-1) NM-medaljar, likt fordelt på dei to øvingane. Myklebust var etter tur medlem i Sand Idrettslag, Norna-Salhus og IK Tjalve.
Myklebust sitt personbeste i kulestøyt på 18,78 meter oppnådde han i USA i 2003. Han satsa mest i diskoskast og sette sin siste personlege rekord på 64,08 meter i eit stemne i Helsingborg 18. juni 2012.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gaute Myklebust» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2020.
