Gavriil Romanovitsj Derzjavin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gavriil Romanovitsj Derzjavin
Derzhavin by Borovikovsky (1811, Pushkin museum).jpg
Fødenamn Гавриил Романович Державин
Fødd 14. juli 1743 (3. juli etter den julianske kalenderen)
Sokury
Død

20. juli 1816 (8 juli etter den julianske kalenderen) (73 år)
Zvanka

Yrke lingvist, lyrikar, skribent
Sjanger dikt
Ektefelle D.A. Derjavina
Signatur Signatur
Gavriil Romanovitsj Derzjavin på Commons

Gavriil Romanovitsj Derzjavin (3. juli 17438. juli 1816) var ein russisk diktar og politikar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Derzjavin voks opp under fattige kår som son av ein offiser i guvernementet Kazan. Ein fjern forfar var tataren Morza Bagrim,[1] som var komen frå den store horden på 1400-talet til Moskva, blei døypt og blei vasall under den russiske storfyrsten Vasilij II.[2]

Gavriil gjorde teneste i Preobrazjenskijregimentet. I 1773 blei han forfremja til offiser. Etter å ha utmerka seg i kampen mot opprøret til Jemeljan Pugatsjov gjekk Derzjavin over til det sivile livet.

Aleksander Pusjkin resiterer diktet sitt for Gavriil Derzjavin under eksamen i Tsarskoje Selo-lyceet den 8. januar 1815.

Forfattar[endre | endre wikiteksten]

I 1776 gav han ut si første bok. Dette var ei samling odar, for det meste omsetjingar der dei fleste var frå tysk, som var det einaste framandspråket han hadde fått sjansen till å læra i barndomen. I breiare kretsar blei han først kjend i i 1779 for sin Ode i høve av fyrst Mestsjerskijs død. Til dette henta han påverknad frå Horats, som han no hadde byrja å studera. Tidlegare hadde Derzjavin mest dikta i stilen til Mikhail Lomonosov.

Det eigenlege ryet sitt fekk han likevel først med oden Felitsa, som han i 1782 offentleggjorde i tidsskriftet til Sankt Petersburgs akademi. Diktet er retta til ei edel kirgisisk kongsdotter som ein hyllest frå hennar eigne. Eigentleg er det Katarina II som blir lovprisa. Hyllesten er skriven med skjemtande ironisk tone, og det er framfor alt dei reint menneskelege eigenskapane til herskarinna som blir framhaldne.[3]

Med gunst frå Katarina fekk Gavriil Derzjavin fleire tiltrudde postar. I 1791 blei han statssekretær for keisarinna. På nærare hold tapte Derzjavin likevel henføringa si for keisarinna, som på si side snart byrja å bli lei av ein alt for geskjeftig favoritt. I 1793 blei han fjerna frå hoffet ved å bli utnemnd til senator.

Etter eit tiår gjekk han heilt ut av statstenesta og slo seg ned på eit gods i guvernementet Novgorod. Her levde han eit roleg liv, som han skreiv om i eit av dei fremste dikta sine, Til Eugen, livet på Zvanka (1807). Til det siste var han verksam som lyrikar. Han døydde i 1816 etter å akkurat ha skrive ned ein pompøs strofe til Ode over døydelegheiten.[3]

Derzjavin blir gjerne nemnd som ein av dei fremste russiske 1700-taldiktarane. Han var ein av dei første til å sjå gåvene til den unge Aleksandr Pusjkin. Eit av dikta til Derzjavin handlar om korleis menneske og alt som mennesket har skapt, skal forgå. Dette blei òg eit av dei siste dikta til Derzjavin; han skreiv det ned på ei griffeltavle ikkje lang tid før han døydde.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Gavriil Derzjavin har fått eit krater oppkalla etter seg på Merkur, Derzhavinkrateret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Daniel Rancour-Laferriere (2000). Russian Nationalism from an Interdisciplinary Perspective: Imagining Russia. E. Mellen Press. s. 90. ISBN 978-0-7734-7671-4. 
  2. Derzhavin's biography (in Russian)
  3. 3,0 3,1 Svensk uppslagsbok, Malmö 1931