Gay Woods

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gay Woods
Fødd1. september 1948 (75 år)
FødestadDublin i Irland
FødenamnGabriel Corcoran
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1963
SjangerBritisk folkrock
InstrumentVokal
autoharpe
dulcimer
concertina
bodhran
Tilknytte artistarSteeleye Span (1969-1970, 1994-2001)
The Woods Band (1970-1971)
Dr. Strangely Strange (1971)
Gay & Terry Woods (1975-1980)
Auto Da Fé (1980–1986)
Verka somMusikar, låtskrivar, bandleiar

Gay Woods (fødd 1. september 1948) er ein irsk songar. Ho var ein av dei originale medlemmane i Steeleye Span i lag med ektemannen Terry Woods som ho voks opp i lag med i Dublin.

Dei gifta seg i 1968 og i 1969 vart dei medlemmar i Steeleye Span. Dei spelte inn debutalbumet Hark! The Village Wait med dei i 1970, og berre ei veke etter albumet vart spelt inn fekk dei ein telefon om at dei vart blitt erstatta av Martin Carthy. Dette gjorde Terry så sint at han nekta å delta på den store samlinga av Steeley Span i 1995.

Sommaren 1970 vart Gay og Terry Woods med i Dr. Strangely Strange, som varte ei kort stund. Terry Woods skapte så eit band, The Woods Band, som sidan vart til ein duo med kona. I lag spelte dei inn fire album frå 1975 til 1978. Tidleg i 1980-åra tok ekteskapet med Terry slutt og ho skipa ei gruppe, Auto Da Fe, med Trevor Knight og tre nederlandske musikarar. Musikkstilen deira var liknande Marc Almond eller Annie Lennox.

I 1988 trekte Gay Woods seg attende frå musikken.

I 1994 vart ho spurt om ho ville bli med i Steeleye Span att og etter å ha spelt inn tre album med dei gav ho seg på ny.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Steeleye Span

The Woods Band

  • The Woods Band (1971)

Gay and Terry Woods

  • Backwoods (1975)
  • The Time Is Right (1976)
  • Renowned (1976)
  • Tenderhooks (1978)
  • In Concert (1995)
  • Lake Songs From Red Water: The Best of Gay & Terry Woods (20-track compilation from their first three albums) (2003)

Auto Da Fe

  • Tatitum (1985)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]