Gearksutitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gearksutitt er eit fluorid-mineral med samansetjing CaAl(OH)F4·H2O. Det blir danna sekundært etter kryolitt og er særleg kjent frå IvigtutGrønland. Det finst òg i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo. Mineralet opptrer som kvite, kritaktige massar.

Det er kalla opp etter Arksutfjorden på Grønland, i tillegg til geo- og -itt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]