Geble Pedersson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Geble Pederson)
Hopp til navigering Hopp til søk
Geble Pedersson
Fødd 1490
Herøy
Død

9. mars 1557
Bergen

Yrke prest

Geble Pedersson var den første protestantiske biskopen i Noreg.

Geble var fødd på Teigstad på Dønna rundt 1490. Han var truleg av lågadelslekt. Frå 1523 til 1535 var han erkedegn i Bergen. I 1536 vart han utnemnd til katolsk biskop. Under reformasjonen oppheldt han seg i København. Her vart han vigsla til superintendent - reformasjonens namn på bispeembetet - saman med sju danske kollegaer. Herfrå reiste han attende til Bergen for å leie oppbygginga av den nye kyrkja i Bergen Stift.

Den første oppgåva han tok fatt på, var å få latinskolen på fote. Samstundes arbeidde han for at St. Olavs kyrkje skulle bli ei verdig domkyrkje.

Ved fødestaden vart det i 1999 reist ein seks meter høg granittbauta over kyrkjemannen og humanisten Geble Pedersson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]