Gee Cross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gee Cross
landsby
Gee Cross signpost.jpg
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

Gee Cross
53°26′17″ N 2°4′4″ W
Wikimedia Commons: Gee Cross

Gee Cross er ein landsby og forstad til Hyde i Tameside i Stor-Manchester i England.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gee Cross well dressing-festival, 2003

Landsbyen Gee Cross har røter tilbake til tida då ein skreiv Domesday Book. Før den industrielle revolusjonen var Gee Cross den største landsbyen i nærområdet, men under den industrielle utviklinga voks Hyde i nærleiken til å bli ein større by. Han har no vokse saman med nordre Gee Cross.[1]

I landsbyen ligg det eldste kristne sakralbygget til dagens Hyde, Hyde Chapel, som blei bygd i 1708. Dette var hovudkyrkja i området i over eit hundreår fram til St George's Church blei bygd i sentrum av Hyde i 1832.[1]

Historisk var landsbyen del av grevskapet Cheshire, fram til regionen Stor-Manchester blei laga i 1974. Landsbyen har verken eigne grenser eller status som civil parish. Etter tradisjon ligg nordgrensa ved hjørnet av Lilly Street og Stockport Road, på ein stad kjend som "big tree". Dette store treet er eit minnesmerke for dei som mista livet i Falklandskrigen i 1982.

I Gee Cross blir det halde ein festival for brønndekorasjon, well dressing, som er ein gammal skikk i området rundt Penninane og er nyinnført her. Det blir også halde ein årleg landsbyfestival til inntekt for lokale velgjerdsorganisasjonar på staden for eit tidlegare reservoar som no er llassifisert som ein village green.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Gee Cross sett frå Werneth Low
Werneth Low

Gee Cross ligg ved sida av åsen Werneth Low. Han er del av Penninane som omsluttar landsbyen i sør og aust. Werneth Low er eit verna parkområde som fyrst blei skipa som eit krigsminnesmerke. På ein klar dag har ein utsyn over området, Manchester sentrum og dei tilgrensande fylka Lancashire og Merseyside, tidvis også mot fjella i Wales. På toppen av årsen ligg puben The Hare and Hounds, Hyde Cricket and Squash Club og Werneth Low Golf Club.

I sørvest har landsbyen grense mot Woodley i Metropolitan Borough of Stockport. Innan Tameside går Hyde sentrum over til Gee Cross langs nordgrensa, medan landsbyen Godley, som også er del av Hyde, ligg i nordaust. På andre sida av Werneth Low ligg landsbyane Hattersley i aust og Romiley i sør.   Landsbyen er ein populær møtestad med mange pubar og nyare restaurantar og barar. Desse inkluderer The Buxton, The Queen Adelaide, The Werneth og The Cheshire Cheese. Eit nyare tillegg til den allereie blømande pubscenen Gee Cross er Joshua Bradley, ein tidlegare privat hall frå 1800-talet (Bamford Hall) som fekk namn etter den tidlegare ordføraren i Hyde.

Gee Cross har to barneskular: Dowson Primary[2] og Gee Cross Holy Trinity (CofE).[3] Like utanfor Gee Cross ligg Alder Community High School, ein ny ungdomsskule bygd i 2004. Han spesialiserer seg på data og matematikk, og har over 800 11-16-åringar som elevar.[4]

Det er tre kyrkjer i Gee Cross: ei anglikansk, ei metodistisk og ei unitarisk kyrkje. Den unitariske kyrkja i sentrum av landsbyen heiter Hyde Chapel.[5] Den anglikanske kyrkja heiter Gee Cross Holy Trinity og er knytt til den lokale barneskulen.[6] Gee Cross Methodist Church er den tredje kyrkja i landsbyen.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Gee Cross