Gehejmekonseil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Side 2 og 3 av den "Kongelige Act" frå desember 1770 kor Struensee avskaffa Gehejmekonseillet og dermed blei den reelle statsleiar i Danmark.

Gehejmekonseillet blei innført i Danmark-Noreg i samband med eineveldet på 1660-talet som eit vedtaksorgan som bestod av formennene for ymse kollegium, kongen og nokre av «favorittane» hans. I periodar hadde det så sterk innverknad på vedtaka til kongen, at ein kan snakke om eit embetsmannsstyre.

Opphavleg het rådet gehejmekonseillet og etter ei uformell stilling under Fredrik III blei det formelt oppretta 21. april 1670, og det fungerte fram til 10. desember 1770, da Johann Friedrich Struensee oppløyste det. Det blei oppretta att som Gehejmestatsrådet 13. februar 1773 og skifta namn til Statsrådet 22. mars 1848 i forkant av innføringa av den danske grunnlova og overgangen til konstitusjonelt monarki.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]