Geijer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geijer C & Co Gjærdefabrikk. St. Halvards gt 37, 1951 Widerøes Flyveselskap / Vilhelm Skappel - Oslo byarkiv, image no. A-20027/Ua/0019/004 via digitaltmuseum.no

Geijer var eit norsk bilmerke, produsert i rundt 25 eksemplar 1923-1930 av selskapet C. Geijer & Co.s Bilfabrik A/S. Adressa var St. Halvards gate 35-39 i Kristiania/Oslo.

A/S C. Geijer & Co vart grunnlagt av svenske Carl Axel Geijer i Kristiania i 1869 for å drive engroshandel med jarn og andre metall. Firmaet byrja etter kvart med å produsere gjerde og portar og seinare bildelar og bilar.

I 1908 grunnla Carl Axel Geijer dotterselskapet Den Norske Jernsengfabrik A/S. Firmaet produserte ståltrådgjerde, piggtråd og portar, og var blant Noregs leiande i bransjen. I tillegg til å selje gjerdematerialar gjennom forhandlarar over heile landet leverte firmaet ferdig oppsette gjerde til både offentlege og private kundar.

I 1918 byrja firmaet òg å produsere bil- og busskarosseri og reservedelar til bilar. I 1923 bytte det namn til C. Geijer & Co.s Bilfabrik AS og starta arbeidet med å lage ein eigen bilmodell. Den første prototypen vart presentert i slutten av 1923.

Motoren var ein amerikansk, firesylindra frå firmaet Hershell-Spillmann, med 34 hestekrefter. Girkassen var frå Mechanics Machine Co., med tre gir framover og revers. Bilen hadde berre bremsar på bakhjula. Teknisk var han bygd om lag som amerikanske bilar frå den tida, men han var noko tyngre og kraftigare.

Fabrikken bygde rundt fem bilar av denne typen 1923-1926. Dei fleste vart nytta som drosjer i Kristiania/Oslo. Bilproduksjonen var liten, men produksjonen av busskarosseri var betydeleg. Mellom 1921 og 1930 skal fabrikken ha produsert om lag 300 busskarosseri.

Hausten 1926 presenterte Geijer ein ny og forbetra bilmodell på utstillinga «Noregs Varemesse» i Oslo. Bilen var utstyrt med ein sekssylindra motor frå det amerikanske selskapet Lycoming og hadde hydrauliske bremsar på alle fire hjula, noko som var uvanleg moderne i 1926. I 1928 vart òg ein modell med åttesylindra Lycoming-motor vist fram på ei bilutstilling på Frogner stadion. Det skal ha vorte produsert 25 bilar med Lycoming-motorar mellom 1926 og 1930.

Produksjonen av bilar og busskarosseri vart stansa våren 1930, då Oslo kommune eksproprierte ein del av tomta til fabrikken i St. Halvards gate 35–39. Fabrikken gjekk tilbake til produksjon av gjerde og portar, som kravde mindre plass. Bilproduksjonen vart aldri særskilt lønnsam. Det var vanskeleg å konkurrere med amerikanske bilar med høge produksjonstal og lågare prisar.

Ifølgje arkiva til Vegdirektoratet vart det registrert 24 Geijer i Noreg. Når ein legg til prototypen frå 1923, vart det dermed sannsynlegvis produsert 25 bilar i alt. Det er uvisst om det enno finst komplette Geijer-bilar, men det finst nokre delar hos veteranbilentusiastar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Industrimuseum.no