Geil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geil ved Revholstjørn i Sandnes, no hellelagt og brukt som tursti til Dalsnuten.

Geil (frå norrønt geil), gote eller gutu[1] er ein veg eller ei fegate med stengsler på begge sider brukt til å føra husdyr gjennom.[2] Ein geil kunne til dømes gå frå tunet på ein gard til utmarka og brukat til å jaga dyra til og frå beitet. Mange norske stadnamn har geil i seg og vitnar om kor geilene har gått, til dømes namnet Geilo, som er dativ fleirtal av geil.[3]

«Geil» vert også brukt om ei trong kløft eller gjel, og om ein smal gang mellom eller inni hus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne arkitekturartikkelen som har med landbruk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.