Geilo Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Geilo Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Geilo i Buskerud, skipa 2. desember 1917. Laget har 1620 medlemmer og er aktivt med i bordtennis, fotball, freestyleski, golf, handball, telemarkski, skiidrett (langrenn og alpine greiner), skiskyting og sykling.

Sidan 1974 har Geilo Idrettslag mest årleg arrangert det store turrennet Skarverennet.

Utøvarar i Geilo IL har særleg utmerkt seg i vinteridrettar. Asle Sjåstad og Margit Hvammen var mellom Noregs beste skialpinistar i 1950-åra, Aud Hvammen like eins på 1960-talet. Langrennaren Martin Hole vann to norske meisterskap i 1985-86. Etter 2000 er det særleg snøbrettutøvarar som har merka seg ut, karar som Andreas Håtveit, Tore Holvik, Roger Kleivdal og Gjermund Bråten. Fristilrennaren Tiril Sjåstad Christiansen har vore i verdseliten i si idrettsgrein, medan broren Vetle Sjåstad Christiansen har kjempa i noregseliten i skiskyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]