Geilo handelslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det noverande Geilo handelslag vart stifta under namnet Hol Handelslag i 1908, med Engebret S. Aaker som styrar. Forretninga leigde i byrjinga lokale av Knut O. Fossgård og Ivar Slettemoen, men kunne i 1914 flytte inn i eit nybygd hus på Geilo, der butikken ligg i dag. Sidan den gong har Geilo handelslag vore ei av dei mest viktigaste forretningane på Geilo.

Frå 1953 har Geilo handelslag hatt filial på Ustaoset, med B. Bidne som noverande bestyrar. Forretninga der er i leigde lokale.